HeimNyheterAustrheim vil framleis vera fri for Korona/Covid-19

Austrheim vil framleis vera fri for Korona/Covid-19

Desse tiltaka gjeld i 14 dagar framover, til og med onsdag 23. september.

Tiltaka er heimla i smittevernoverlegen sitt mynde, og er innført på bakgrunn av at regionsenteret Bergen no er raudt område. Om det er vidare spreiing frå dei som har påvist smitte no, vil det visa seg i løpet av dei kommande ti dagane.

Austrheim kommune ønskjer å vera føre var, for å unngå at smitten spreier seg hit, og har desse punkta som tillegg til at Helsedirektørens/FHI har gått ut med råd om å unngå alle unødvendige reiser, og spesielt no reiser til Bergen.

1. Hovudreglane gjeld framleis:

- Hald deg heime om du har symptom på Korona/Covid-19.

- Ta testen om det er mistanke om smitte av Korona/Covid-19.

- Vask hendene skikkeleg der det er lagt til rette for det, minst 40 sekund tek det.

- Om ein ikkje kan vaska hendene, bruk handsprit.

- Hald avstand, ein meter eller meir.

2. Unngå all pendling så langt som mogleg, alle som kan bør bruka heimekontor, spesielt dei som jobbar i kommunen, men bur i andre kommunar. Dette omfattar også at Austrheim rår frå fritidsreiser til og frå kommunen i denne perioden.

3. Austrheim legg seg på same linje som Bergen, med maksimalt 50 personar samla på offentlege arrangement, og maksimalt 10 personar på private arrangement.

4. Unngå kollektivtransport, spesielt til og frå Bergen, men elles også, bruk eigen bil om det er mogleg. Å unngå kollektivtransport omfattar også pendlartransport og samkjøring i bil. Må du reisa kollektivt, vert du oppmoda til å bruka munnbind.

5. Tek du ferje, så sit i din eigen bil under overfarten.

6. Kommunen låner/leiger ikkje ut bygg til aktivitetar/arrangement i dei kommande to vekene. Som døme på dette er bruk av kommunale bygg i denne perioden til korpsøvingar, møter av ulike slag, og idrett innandørs i kommunale bygg. Skulebruk går som før. Ein rår vidare frå aktivitetar, øvingar og arrangement i bygg som kommunen ikkje eig.

7. Besøk på sjukeheimen og til eldre heimebuande bør avgrensast til eit minimum ut frå den enkelte sin situasjon, samstundes som ein ivaretek sikker omsorg og reduserer einsemd. Kontakt skal eventuelt vera med den som er personleg nærståande.

8. Kommunen har sjølv utsett kommunestyremøtet frå 17. til 24. september, og oppmodar andre til å utsetja møte eller avvikla dei elektronisk.

KKL innfører ikkje nye tiltak i barnehagar og skular no, men presiserer at dei gjeldande råda må følgjast som eit førebyggande tiltak.


Sist oppdatert: 10.09.2020
Publisert: 09.09.2020