HeimNyheterAustrheim skal ha ny kommunepsykolog

Austrheim skal ha ny kommunepsykolog

Er du psykolog på jobbjakt, eller kjenner du kanskje nokon som kunne hatt denne jobben i Austrheim?
Publisert: 23.02.2024
Sist endra: 23.02.2024

Som kommunepsykolog har du stor grad av fagleg sjølvstende i klinisk arbeid, med fokus på å bruka din kompetanse og erfaring i å betre situasjonen for vår innbyggjarar.

Stillinga er plassert i Austrheim kommune, men ein i dag i veka er det jobb i nabokommunen Fedje. Dei to kommunane har i fleire år hatt eit samarbeid om kommunepsykolog.

Det er dialog mellom kommunane Masfjorden, Gulen, Austrheim, Fedje og Modalen om eit utvida samarbeid kring psykologtenesta. Eit større fagfellesskap er ein viktig faktor, samt at ein får tilrettelagt for fagleg rettleiing. Alle kommunane i Region Nordhordland er vidare medeigar i Helsehuset i Knarvik, som er senter for ei felles satsing på Fag- og tenesteutvikling.

I samarbeid med andre kommunar i regionen og spesialisthelsetenesta er det starta eit arbeid med utvikling av ein modell for kommunepsykologar i spesialisering (KOMPIS).

Arbeidsoppgåver:

  • Klinisk arbeid med menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar, der vi ynskjer å ha eit særleg fokus på barn og unge.
  • Arbeid i team.
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta i oppfølging av barn/vaksne.
  • Støtte og rettleiing til andre fagpersonar, samt deltaking i utviklingsarbeid for samhandling og samarbeid mellom tenester.
  • Delta i helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Kvalifikasjonskrav:

  • Offentleg norsk autorisasjon som psykolog, gjerne med spesialisering. 
  • Det vil vera ein fordel med relevant klinisk erfaring.
  • Det er ein fordel med erfaring eller særskilt interesse for arbeid med barn og unge.
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og rettleiing.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Førarkort klasse B.
  • Gyldig politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

For vilkår og meir informasjon sjå utlysinga på Jobbnorge, på denne lenka: Kommunepsykolog (258904) | Austrheim kommune (jobbnorge.no)