Austrheim-lærlingar fekk fagbrevet
Victoria Anna Trzmiel (til høgre) og Ulrikke Fonnes Haugland har fått sine fagbrev som ferdig utdanna helsefagarbeidarar, etter å ha gjennomført læretida i Austrheim kommune.
Her er dei avbilda i samband med svennegildet på Alver Hotel, saman med personalkonsulent i Austrheim kommune Wenche Myrmel.
Summert for lærlingar og elevar er det i alt 12 ungdommar som no har læretida si i Austrheim kommune. Personalkonsulent Myrmel reknar med at kommunen vil ta inn to nye frå hausten av.
Opplæringskontoret for Nordhordland inviterer kvart år til eit svennegilde der ungdommane får sine fagbrev. I år hadde dagleg leiar ved opplæringskontoret, Lillian Vabø Mongstad, fått med seg fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, til å stå for utdelinga (bilda under).