HjemNyheterAuka beredskap - tek sikte på vanleg drift av skular og andre tenester

Auka beredskap - tek sikte på vanleg drift av skular og andre tenester

Det er varsla mykje snø frå torsdag ettermiddag/kveld og til fredag ettermiddag/kveld, og kommunen har vurdert konsekvensar for drifta. Slik er planen:

  • Skular og barnehagar er opne som vanleg fredag 19. januar.
  • Det kan bli vanskeleg for heimetenesta å komma seg fram til alle som treng hjelp.
  • Heimetenesta tar kontakt med tenestemottakar dersom dei ikkje klarer å komma seg fram.
  • Kommunen har auka beredskap, og vil gjera det ein kan for at dei som treng det mest skal få hjelp.
  • Vi oppmodar familie og naboar til å hjelpa til med å brøyta/måka innkjørsel, slik at hjelpa kjem fram.
  • Vi ønsker ikkje å belasta vegnettet meir enn nødvendig i morgon, og oppfordrar dei som kan det til å ha heimekontor, og at ein elles let bilen stå om det ikkje er naudsynt å kjøra.
  • Det er ikkje sett krisestab, organisasjonen handterer situasjonen i tenestelinjene.

Sist oppdatert: 18.01.2024
Publisert: 18.01.2024