HeimNyheter– AVS er ein skule me vil tilrå andre

– AVS er ein skule me vil tilrå andre

Hamza Almasalmah og Irmelin Vik Oppedal, elevar ved AVSDet fortel Hamza Almasalmah (17), som ikkje er i stuss på å tilrå andre ungdommar å søka skuleplass ved Austrheim vidaregåande skule (AVS).

Saman med Irmelin Vik Oppedal (16), begge elevar ved AVS, fortel han om korleis det er å vera elev ved den vidaregåande skulen i Mastrevik.

– Det er eit godt miljø her, og så får eg meir fritid sidan skulevegen er kort, seier Irmelin.

Hamza gjekk på Årås skule før vidaregåande, medan Irmelin gjekk på Kaland skule. Då dei skulle byrja på vidaregåande valde dei altså å bli i kommunen, der Hamza no går på VG 2 Kjøretøyteknikk, medan Irmelin er på førsteåret på Teknisk industriell produksjon (Tip).

Engasjerte

Dei to ungdommane er engasjerte i ungdomsarbeid i heimkommunen, gjennom ungdomsrådet der Irmelin er leiar og Hamza er nestleiar. Dei er engasjerte også for sine medelevar, som andreklassing er Hamza med i ei ordning der han og fleire andre er elevmentor for førsteklassingane.

– Ved skulestart i fjor haust tok me i mot førsteklassingane og viste dei rundt, og gjennomførte eit eige opplegg kalla «Drømmeklassen», der elevane skulle bli betre kjende med kvarandre, fortel Hamza.

Elevane vart mellom anna oppfordra til å skriva ned minst tre ting som skal gje eit godt klassemiljø, og desse innspela jobbar elevmentorane vidare med.

– Som mentorar kjem me av og til på besøk i «vår» klasse, og me har eigne arrangement her i kantina, som på valentinsdagen der 2. årstrinnet på studiespesialisering hadde laga ein dans som dei framførte.

Hamza Almasalmah og Irmelin Vik Oppedal, elevar ved AVS

Bilmekanikar

– På kjøretøylinja har me både teori og praksis, og me skrur både på bilar som skulen har, og på bilar som elevane har med seg, fortel Hamza.

– Me har også vore med i ein konkurranse, først her på skulen, og så fekk dei to beste her vera med på fylkesmønstringa. Der tok dei to frå min klasse 2. og 3. plassen, medan 1. plassen gjekk til ein elev frå Voss vidaregåande der fylkesmønstringa vart arrangert.

Etter at Hamza er ferdig med kjøretøylinja i år skal han anten ut i lære, eller ta 3PÅ for å få generell studiekompetanse.

– Eg for min del tek sikte på jobb i Nordsjøen, fortel Irmelin, som dermed går same yrkesveg som mange andre i heimkommunen.

– Får meir fritid

Med kort skuleveg får dei to ungdommane meir fritid, som dei kan bruka til å vera med venner eller jobba.

– Eg jobbar fast ein ettermiddag i veka på pizzeriaen på Fonnes, i tillegg til at eg er ringevikar same plass. Det hadde eg ikkje kunna gjort om eg hadde hatt ein time reiseveg til og frå skulen, seier Irmelin.

Søknadsfrist 1. mars!

For alle som skal søka vidaregåande opplæring  frå hausten er fredag 1. mars datoen å hugsa, det er fristen for å registrera søknaden sin på nettsida www.vigo.no. Der finn du alle dei vidaregåande skulane i fylket, og deira utdanningslinjer.

Austrheim vidaregåande skule har utdanningsløp innan ei rekkje fagområde. Skulen har i dag kring 260 elevar, og ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune.

Austrheim vidaregåande skule har i tillegg til elevar frå Hordaland også ein del elevar frå nabofylket Sogn og Fjordane, gjennom ein eigen avtale mellom fylka kan ungdommar frå Solund og ytre Gulen få skuleplass ved AVS.

Frå skuleåret 2020/2021 vert denne Hordalandsavtalen erstatta av eit nytt inntaksopplegg for det nye fylket Vestland, der det skal vera fritt skuleval innanfor to eller fleire geografiske inntaksområde. Detaljane her er ikkje klare enno.


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 22.02.2019