Godkjenning av detaljreguleringsplan for Bustadområdet B07 og skuleområdet ved Austrheim Vidaregåande skule, planid. 2021001 – Kunngjering
Plankartet er datert den 16.02.2023. Reguleringsføresegner er datert den 01.03.2023. ROS-analyse er datert den 22.06.2022 og planomtale den 01.07.2022. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12.
Du kan lesa om den detaljreguleringsplanen på kommunehuset eller her på kommunen si heimeside. Sakspapira til kommunestyret sitt møte 13. april, der denne saka var med, er tilgjengeleg på denne lenka:
Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28.
Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 6. juni 2023 til
Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim
eller på e-post:
post@austrheim.kommune.no
Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.
Kommunedirektøren