HjemNyheterStenger vatnet til Skoteneset/Kvalvågen

Stenger vatnet til Skoteneset/Kvalvågen

På grunn av vedlikehaldsarbeid på vasstilførselen til Skoteneset/Kvalvågen blir vatnet stengt onsdag 17. april frå klokka 09.00.
Publisert: 15.04.2024
Sist endra: 17.04.2024

Arbeidet er venta å bli ferdig i løpet av dagen, slik at vatnet er tilbake til klokka 16.00.

Når det er vatn i springen igjen, kan det vera misfarga brunt/gult. La det renna kaldt vatn til det er reint, i den krana som er lågast i huset og nærast vassinntaket.

Du må kanskje også reingjera sila i vasskrana.

Dei som bur i dette området vart varsla om stenginga med SMS måndag 15. april.