Meir vassproblem - onsdag 20. mars

Store deler av kommunen kjem til å bli anten vasslause, eller ha dårleg trykk, onsdag kveld og natt til torsdag.

Det har vore to ulike vedlikehaldsprosjekt i gang på det offentlege vassnettet i Austrheim i dag, eitt i Mastrevik på dagen og eit ved Mongstad/Litlås i kveld.

Per no er vassforsyninga til kommunen stengt på grunn av arbeidet (Austrheim kjøper vatn av nabokommunen Alver). Etter kvart som vassnivået i høgdebassenget på Årås minkar, vil abonnentar på vassnettet i heile kommunen oppleva at trykket først vert redusert, for så å forsvinna heilt. 

  • Har du hus høgt i terrenget, vil du missa vatnet raskare enn dei som bur lågare. 
  • Unntaket er dei som bur mellom Litlås og Mongstad-krysset, dei har ikkje vatn i det heile no.
  • Arbeidet skal vera ferdig utpå natta natt til torsdag, og då vil trykket komma tilbake. 

Når vatnet er tilbake er det lurt å tappa kaldvatn i den vasskrana som er nærast inntaket til huset ditt, til det er reint og fritt for luft. Slik unngår du at skit som løsnar frå røyra når trykket er vekke, vert spylt inn i varmvasstanken din.

Og no medan du framleis har vatn er det lurt å fylla ei bøtte eller to til å slå ned i toalettet med, til handvask, og ei mugge til kaffivatn.

Kommunen beklagar dei problema abonnentane får, men dette er vedlikehaldsarbeid som må gjerast på eit eller anna tidspunkt.


Sist oppdatert: 21.03.2024
Publisert: 20.03.2024