Har du bustad til flyktningar?
Det er særleg behov for mindre einebustader/ leilegheiter med eitt til to soverom. Det er ein fordel om bustaden er møblert og at den ligg nokolunde sentralt i kommunen.
Ta kontakt med innbyggjarservice dersom du har ein bustad til leige, på e-post post@austrheim.kommune.no. Ta med opplysningar om:
- Adresse.
- Storleik på bustaden.
- Møblar som er på plass.
- Når den er ledig frå, om den ikkje er ledig no.
- Gjerne nokre bilde av bustaden.
- Ønskt leigepris.
- Namn og kontaktinformasjon til eigar, og kva dagar det ev. kan passa for ei synfaring.
Sist oppdatert:
20.11.2023
Publisert:
20.11.2023