Asfaltering måndag 22. april - tenk på kvar du parkerer

Øvste del av vegen mot Austrheim-kaien vert delvis stengt måndag 22. april frå klokka 07.00 til om lag klokka 13.00, på grunn av asfaltarbeid.
Publisert: 19.04.2024
Sist endra: 19.04.2024

Strekket er markert med raud strek på kartet:

Kart over veg som skal asfalterast

Må du ut og kjøra i denne tida, rår vi til at du parkerer bilen ved Austrheim kyrkje søndag kveld.

Utrykkingskjøretøy vil kunna passera.

Dei som brukar denne vegen til og frå bustaden er varsla på SMS.