500 testa i Austrheim så langt

Per tysdag 15. september er det testa 500 personar i Austrheim. Etter ein lang periode med negative prøvesvar, kom det første svaret om smitte torsdag 10. september.

Så kom det ein til - og fleire, og per søndag 13. september var det fire som var registrerte med smitte. Kommunen sitt eige team for smitteoppsporing har jobba med å klargjera kven som skal reknast som nærkontaktar og må i karantene, og testinga er trappa opp for å avklara kvar smitten kjem frå og kven som er råka.

Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking. Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Kvar skjer testinga i Austrheim?

Det er legekontoret og deira ansvarlege som avgjer kven som skal testast. Har du ringt og fått avtale om testing, så skjer dette på baksida av kommunehuset. Fram til no skjer testinga like utanfor legekontoret (pasienten skal i utgangspunktet sitja i bilen). Snart vil testane skje i eit telt på parkeringsplassen, der bilkøen svingar under og prøven blir tatt "i farta".

Kommunen har no støtte av Røde Kors i samband med avviklinga av testinga, med tanke på køoppstilling med meir. Sjølve testen er det legekontoret som tek.

No som smittetala har auka, vil testinga ta noko av den andre kapasiteten på legekontoret, slik at andre timar kan vert flytta på.

Kor mange er smitta i Austrheim?

Folkehelseinstituttet (FHI) brukar eit eige meldingssystem for smittsame sjukdommar, som heiter MSIS. Avisa VG hentar data direkte frå MSIS, slik at avisa har oppdaterte tal om smitte straks dette er registrert i systemet. Du kan kikka på VG sine smittetal for Austrheim på lenka her.

Kommunen vil også skriva om smitte om det skjer ei utvikling, men gjerne om det er større endringar.

Korleis jobbar kommunen?

Legekontoret har ansvaret for testinga, og så er det Kommunal kriseleiing (KKL) som frå dag til dag gjer vurderingar av kva tiltak som skal gjerast for å halda nede smittetala. I mars då korona-smitten for alvor stengde landet vårt, var det KKL som gjorde vedtak om skulestenging, stenging av idrettshallen, med meir.

KKL kan gjera vedtak i kraft av seg sjølv, men for å gjera dei varige over lengre tid trengst det stadfesting politisk. Til dømes i mars og april då Austrheim ville avgrensa smittespreiing via hyttegjester og bubilgjester, så vart desse vedtaka i KKL seinare stadfesta av formannskap og kommunestyre.

I starten av pandemien møttest KKL dagleg, seinare vart dette redusert først til nokre dagar i veka, og fram til nyleg ein gong i veka. No som smittetala har gått oppover har KKL hatt møte dagleg, og skulle det vera naudsynt vert det kalla inn til møte på kort varsel for å ta avgjerder.

KKL-møta går som mange andre kommunale møte digitalt - på Teams, og det er sett opp eigne lister over kven som har heimekontor slik at ein sikrar at ikkje ein person med smitte kan senda heile kommuneleiinga i karantene.

KKL gjev råd og bestemmer

Ei av dei avgjerdene KKL har gjort nyleg, er å setta i verk ei mellombels flytting av Helsestasjonen internt på kommunehuset. Dette er for å sikra meir plass på legekontoret slik at det er lettare å ivareta smittevernet der, og det vil også skjerma Helsestasjonen sine brukarar og tilsette frå det smittepresset det kan vera på legekontoret der prøvane vert handterte.

Vidare handsamar KKL dei innspela som kjem frå lag og organisasjonar, der ein heilt konkret har bedt Austrheim idrettslag si fotballgruppe om å omberamma kampar i Bergen og mot lag frå Bergen fram til smittesituasjonen er avklara, i alle fall ikkje fram til 1. oktober. I tillegg har KKL sagt at idrettslaget må utsetja ei større miniputt-turnering som ville ha samla rundt 100 born og vaksne.

KKL sine råd, og der ein bestemmer noko konkret, vert gjort for å sikra at smitten ikkje veks vidare. I dag er både skular og barnehagar i Austrheim opne, og målet er at både den offentlege verksemda og private bedrifter skal kunna driva vidare mest mogleg som normalt. Å sleppa for mykje opp kan gje situasjonar som i andre kommunar, der hundrevis av innbyggjarane er i karantene, og fleire blir smitta.

Alle kan gjera litt

Enkelte etterlyser klarare meldingar om kven som er smitta og i karantene. Men det er som er like viktig her, er at ein i det daglege må basera seg på at kven som helst kan ha smitten, sidan enkelte kan vera smitta med Korona utan å ha symptom.

Så lenge alle er flinke til å halda avstand til dei som ikkje er i eigen familie eller kohort, brukar handsprit og andre smitteverntiltak, og hugsar at smitteverntiltaka gjeld alle stader - alltid - så skal det vera mogleg å halda smitten i sjakk.

Etter kvart kan me då opna sjukeheimen for besøk igjen, laga til kor- og korpskonsertar, spela fotballkampar, og i det heile leva slik me gjorde før pandemien.


Sist oppdatert: 15.09.2020
Publisert: 15.09.2020