17. mai- stemning under møte med Kronprinsen

Årås- og Kaland-elevane fekk møta Kronprinsen på Mongstad.
Publisert: 26.03.2024
Sist endra: 26.03.2024

Onsdag 6. mars sat forventningsfulle elevar frå Årås skule i to fulle bussar på veg mot Teknologisenteret på Mongstad. Saman med elevar frå  Kaland skule fekk dei møta kronprins Haakon Magnus, som var på besøk.

Sola skein og varma gjennom rutene. På bussen høyrde me born som forveksla konge og kronprins, utan at det såg ut til å leggja noko demping på stemninga då det var kronprinsen som stega ut av bilen like ved der dei stod.

Stor var gleda, då kronprins Haakon Magnus tok seg tid til å helsa på elevar og born som stod langs sida. Han fekk høyra gledesrop og sjå flagg som blei vifta med. Fleire hadde med seg penn og papir, men godtok det då Kronprinsen sa han ikkje skreiv autografar.

Sjølv om han ikkje skreiv autografar, tok han mange i handa og helsa på dei. Spurte m.a. kva dei heitte, kva skule dei er frå og kva dei likar å gjera på.

Den tette kontakten, det venlege smilet og interessa han viste for dei, gjorde nok sitt til at mange elevar synte dei var heilt i ekstase på veg til bussane igjen. No var det på tide for Kronprinsen å gå inn på Teknologisenteret og ha møte med ordførarane og andre inviterte.

Me reiste tilbake til skulen, mange minne rikare.

Tusen takk for at me oppleva dette!

kronprins Haakon Magnus på Mongstad mars 2024

kronprins Haakon Magnus på Mongstad mars 2024

kronprins Haakon Magnus på Mongstad mars 2024

kronprins Haakon Magnus på Mongstad mars 2024