HeimOm kommunenMeir om Austrheim

Meir om Austrheim

Det gode liv i Austrheim

Brosjyre om Austrheim

I denne brosjyren kan du lesa om det gode liv i Austrheim. Her skal det vera godt å bu, jobba og ha fritida si.

Reiselivsbrosjyre (2015)

Austrheimbrosjyre.pdf

 

Austrheimfilmar

Kikk litt på korleis vi har det i Austrheim

I august 2015 lanserte Austrheim kommune fleire filmar frå kommunen. Hovudfilmen er basert på Anne Hvidsten sin sang Heim til Austrheim. Dei andre filmane er relaterte til kommunen som arbeidsgjevar. Kikk oss gjerne i korta.

Her er link til filmane:

Heim til Austrheim

Arbeid i kommunen

Arbeid i kommunen - teknisk

Arbeid i kommunen - barnehage

Arbeid i kommunen - lærar

Arbeid i kommunen - pleie og omsorg

 

Heim til Austrheim

Anne Hvidsten og Tore Strømøy

Austrheim kommune er stolte over å ha ein så fin sang som hyllest til kommunen. Tekst og musikk av Anne Hvidsten. Austrheimjenta som stadig lengtar tilbake til røtene.

Heim til Austrheim finn du på Spotify og andre stader der du laster ned musikk.

 

I Tore Strømøy sitt program Sanger om Norge handla eit program om Åge Aleksandersen og Anne Hvidsten. Programmet finn du her.

Eit enkelt amatøropptak frå Austrheimhallen oktober 2010. Anne Hvidsten saman med barnekoret Tiriltunge

Sangen Heim Til Austrheim er også brukt i samband med kommunefilmen som kommunen laga i 2015. Du finn den på youtube.com her

 

Heim til Austrheim

Eg står her på min holme

Med lyngblomar i hand

Eg ser mot mørke havet

Mens bølgjer slår mot land

 

Ein måkestim i havet

Krinsar rundt ein båt

Og mannskapet om bord

Dei nynnar på ein låt:

 

Når sola sig i Vest

Då lengtar eg mot Aust

Eg lengtar heim til Austrheim

Eg lengtar heim til best

 

Ein skatt gøymd under bølgjer

Eit smykkeskrin i svart

Folk lev det gode livet

Mens vinden gjev dei fart

 

Eit folk som byggjer bruer

Eit mannskap kastar loss

Vi dekkjer til med langbord

Mens dei lengtar heim til oss

 

Når sola sig i Vest

Då lengtar eg mot Aust

Eg lengtar heim til Austrheim

Eg lengtar heim til best

 

Når holmen blir for lita

Og verda verkar stor

Då dreg eg ut i verda

Og freistar setje spor

 

Når dagen går mot ende

då går eg glad ombord

I skuta heim til lyngholmen

Til den beste stad på jord

 

Når sola sig i Vest

Då lengtar eg mot aust

Eg lengtar heim til Austrheim

Her lever eg som mest

 

Når sola sig i Vest

Då dreg eg heim til best

Eg lengtar heim til Austrheim

Her lever eg som mest

 

 

Austrheimparken – i sentrum av kommunen

Tankar om å etablere ein eigen park i sentrum av kommunen koma tidleg på 2000-talet. Det var Unge kvinners Sanitetsforening som først kom med innspelet. Dei er ein del av Årås sanitetsforening.

Foto frå opning av Austrheimparken

Fleire forsøk vart gjort, men det heile stoppa opp då ein ynskte ein betre trafikal løysing inn forbi kommunehuset og inn til Mastrevik Torg og til Kystlandsbyen.

Då trafikkløysinga var på plass vart arbeidet med parken tek opp igjen, og med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune, diverse avsette fondsmidlar, og ikkje minst med løyving frå Austrheim kommunestyre vart arbeidet igjen sett i gang.

Parken vart ferdig og det vart lyst ut namnekonkurranse. Kommunestyre gjorde i møte 21.10.15 vedtak om at parken skulle ha namnet Austrheimparken, og at den runde plassen i parken skulle kallast opp etter den mangeårige ordføraren Sameul Lervåg. Les meir her.

Den 29.oktober møtte mellom 200 og 300 personar fram for å ta del i opninga av Austrheimparken og Samuel Lervågs plass i kommunesentrum. Ordførar Per Lerøy og varaordførar Anne Dahle Austrheim klyppte snora og skulekorpsa frå både Kaland og Austrheim spelte. Det vart ei flott ramme og ei flott markering. Mange av dei frammøtte nytta høvet til ein rusletur i parken etter snorklyppinga.

I alt har 16 bedrifter og Årås sanitetsforening bidrege med pengar for å få lyssatt parken. Bedriftene er
Fosnøy bilsenter ASKjelstraumen Vertshus ASKnuter Catering og service ASDalevoko Ltd, Sognnes AS, Byggmester Markhus ASMarkhus bolig ASKystlandsbyen utleie ASNordhordland Næringshage AS, AS Austrheim Næringsselskap, Nordhordland Grunn og Betong AS, Mastrevik Eiendomselskap AS, Cambio AS, Sparebanken Vest, Torghsuet AS, Årås sanitetsforening

 

Skulpturell minibru

Elevar ved Austrheim vidaregåande skule, byggfag,  har bygd ei skulpturell minibru som er plassert over vannspeilet i Austrheimparken.

Opning av skulpturell minibru

Torsdag 3.desember kl. 13.00 var det opning av brua med 300 personar tilstades.

Brua er ein kopi av den brua som Kunsthøgskolen i Bergen sette opp på torget i Bergen og som no skal plasserast i Kystlandsbyen. Prosjektet med minibrua er eit samarbeidsprosjekt mellom Austrheim vidaregåande skule, Kunsthøgskulen, Kunsthuset Austrheim og Kystlandsbyen. Også Byggmesternes Servicekontor og Byggmesterforbundet Region Vest er delaktige.

Ta ein kikk her:

Strilen: http://www.strilen.no/incoming/Uvanleg-snekkarkunst-393633.html

Nordhordland: http://www.nordhordland.no/nyhende/nordhordland/austrheim/brubyggarane-sloss-mot-v-ret/s/5-33-42193

 

2.verdskrig i Austrheim

Austrheimsamfunnet vart også sterkt prega under 2.verdskrig 1940-1945.

Filmen om Risor II

Her var det motstandsfolk og her var det englandsfart. Nokre av hendingane er med i boka "Krigsår i Kystbygder"

Det som kanskje er mest kjend er RISOR II, lyttestasjonen i Selsøy. Kvar 8. mai er det ei markering på Selsøy. Denne er det Neptun Pensjonistforening som står for. I 2013 vart filmen RISOR II produsert i eit samarbeid mellom Neptun og Austrheim kommune. Filmen er gjeven ut på DVD og kan kjøpast gjennom Neptun pensjonistforening. 

 

Filmen ligg også tilgjengeleg på Vimeo her.


Sist oppdatert: 24.05.2019
Publisert: 27.03.2019