Brøyting og strøing

Austrheim kommune har avtale med private entreprenørar som har beredskap og utfører brøytearbeid. I tillegg er kommunen sine eigne folk ute og brøytar i enkelte tilfelle.

Brøyting og strøing skal gjennomførast så snart som mogleg når værforholda tilseier det, etter dei kriteria som er sette opp.

 

Prioritering av strekningar

Følgjande kriterie ligg til grunn for prioritering av strekningar:

  1. Vegar der det går kollektivtrafikk, parkeringsplassar i tilknyting til kollektivsystemet
  2. Parkering for helsetenester, gang og sykkelveg for skulevegar og hovudvegar i bustadfelt
  3. Stikkvegar i bustadfelt og vegar i grisgrendte strøk.

Når vert det brøyta i Austrheim?

Vinterdriftsklasse A skal vere gjennombrøyta til klokka 06:00. Med gjennombrøyta meiner ein at vegen skal minst ha eit køyrefelt gjennombrøyta før ein startar med fortau og anna areal. Klasse B vegar vert gjennombrøyta fortløpande etter dette.

Laurdag skal det vere gjennombrøyta til klokka 07:00 og på søndag og heilagdagar til klokka 09:00.

I tida mellom klokka 22:00 og klokka 06:00 må trafikantane akseptere vanskelegare køyretilhøve enn om dagen.

I Austrheim ligg sjukeheim, legekontor, skular, barnehager og hovudveger i bustadfelta i vinterdriftsklasse A. Resterande vegar ligg i vinterdriftsklasse B.

Brøytinga vert ikkje sett i gang etter eit bestemt nivå for snøfallet, men det vert i staden gjort ei vurdering slik at ein tek mål av å nå over alt som skal brøytast før snøfallet er for omfattande. Altså at om det er meldt mykje snø, vil ein starta arbeidet tidlegare enn om det ikkje er venta så mykje snø.

Strøstandard

Vinterdriftsklasse 

Utløysande standard

A

Det vert strødd med salt når det er fare for at det kan danna seg is på desse vegane eller så snart det let seg gjere når is allereie har lagt seg.

B

Det vert hovudsakleg strødd med saltblanda singel der isen allereie har lagt seg.

Gang/sykkelvegar

Det vert hovudsakleg strødd med saltblanda singel.

Austrheim kommune ber deg særskilt om å vere merksam på desse punkta:

  • Det er viktig å tenkje på at brannbilar, sjukebilar og renovasjonsbilar skal kunna koma fram utan problem. Du som grunn- og bileigar må ta omsyn og rydde sideareala i vegen for bilar og anna utstyr for at brøytemannskapa skal kunne gjere jobben sin.
  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Det er ditt ansvar å rydde vekk snø som blir liggande att i avkøyringa di når vegen er gjennombrøyta.
  • Brøyting tar lengre tid i sterkt og vedvarande snøvêr.
  • Vi brukar lite salt og i hovudsak strøsand på det kommunale vegnettet, men fylkes- og riksvegane blir salta. Ver merksam på at salt ikkje smeltar isen når det er kaldt vêr (kaldare enn −5 grader).
  • I sterk vind kan strøsanden blåse av vegen.
  • Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Når desse prognosane slår feil ut, kan det ta lengre tid før arbeidet kjem i gang.

Kva kostar det?

Brøyting og strøing er ein del av det generelle tenestetilbodet til kommunen utan ekstra kostnader for innbyggjarane.

Kven skal eg kontakte?

Sjekk ut Statens Vegvesen sin vegkart-løysing (klikk her) for å sjå om det er fylkes- eller kommuneveg.

Når du har forstørra kartet tilstrekkeleg kan du klikke på vegen du lurar på. Du vil då få opp ei vegreferanse:

  • KV = Kommunal veg
  • FV = Fylkesveg
  • RV = Riksveg
  • EV = Europaveg

Dersom det er ein kommunal veg kan du kontakte Austrheim kommune (sjå under).

Fylkesvegar er det Vestland fylkeskommune som har ansvar for, kontaktpunktet for spørsmål eller klager er Vegtrafikksentralen på telefonnummer 175. 

Statens vegvesen har ansvaret for riks- og europavegar, etaten har ei eiga nettside med informasjon om brøyting, strøing og salting, den finn du ved å klikka her:

Kontakt

Spørsmål om brøyting og strøing på kommunale vegar kan meldast til servicekontoret på dagtid (klokka 09.00 – 15.00) på telefon: 56 16 20 00, eller til teknisk vakt utanom arbeidstid, mobil: 945 06 750.

 

 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 04.12.2018