Utslepp av avløpsvatn

Eig du bustad, hytte, turistbedrift eller liknande som ikkje er knytt til offentleg avløpsanlegg, må du ha løyve frå kommunen til å sleppa ut avløpsvatn, dersom:

  • Du har planar om å leggja inn vatn
  • Du har planar om vesentleg auke i utslepp av avløpsvatn (25 %)

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom.

Kva du skal søkja om avheng av type og mengde avløpsvatn. Ta kontakt med kommunen dersom du er usikker på om du har eit utsleppsløyve, eller om du kan knytast til offentleg avløpsleidning.

Utslepp av gråvatn

Søknadsplikten gjeld også dersom du berre slepp ut gråvatn og har innlagt vatn.

Med gråvatn meiner ein avløpsvatn frå kjøkken, bad og vaskerom, men ikkje frå klosettavløp. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning.

Slik søkjer du

Kva må søknaden innehalde?
  • Søknadskjema etter forureiningslova, signert av tiltakshavar
  • Søknadsskjema etter plan- og bygningslova, signert av tiltakshavar og ansvarleg søkjar
  • Situasjonsplan i målestokk 1:500 eller 1:1000 som viser plassering av avlaupsanlegget
  • Gjenpart av nabovarsel
  • Eventuelt samtykke om legging av leidning over annan manns grunn
  • Erklæring om ansvarsrett og gjennomføringsplan (ansvarleg søkjar)

Søknadsskjema:

Søknad sendast til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Eller til: post@austrheim.kommune.no

Merknader frå nabo

Naboane skal sende eventuelle merknader til deg, slik at du kan kommentere dei før alt vert sendt samla til kommunen.

Kva kostar det?

Saksbehandlingsgebyr for utsleppsløyve kan du finne i gebyrregulativet.

Når anlegget er ferdigmeldt, vert slamavskiljaren registrert i den kommunale slamtømmeordninga. For bustadhus vert tanken tømd kvart 2. år og for fritisdbustader kvart 4. år. Det skal betalast årsavgift til kommunen i samsvar med gebyr årleg fastsett av kommunestyret.

Handsamingstid

Sakshandsaminga har ein frist på 6 veker. Føresetnaden er at søknaden er fullstendig og at ingen naboar har lagt inn merknader.

Klage på vedtak

Der kommunen gjer eit enkeltvedtak, kan ein klaga på vedtaket innan ein frist på tre veker frå ein mottek vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal ein føre opp kva ein ønskjer endra i vedtaket, og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje rettleiing. Den instansen i kommunen som har gjort vedtaket skal vurdere om det er grunn til å endre det.

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 22.02.2022
Publisert: 10.12.2018