HeimVeg, vatn, avløp, boss og feiingVatn og avløpTilknyting til kommunalt VA-anlegg

Tilknyting til kommunalt VA-anlegg

Tilknyting til kommunalt VA-anlegg

Tilknyting til kommunalt anlegg for vatn og kloakk er søknadspliktig. Dette gjeld både ved tilknyting av eksisterande bygg, nybygg, bruksendring og etablering av nye brukseiningar.

Søknad skal sendast kommunen gjennom godkjend rørleggjarføretak. Når tilknytingssaka kan knytast mot eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova leverer du søknad om tilknyting til offentleg VA-anlegg saman med byggjesaka. Tilknytinga skal skje i kum og kummen skal målast inn.

Legging av stikkleidningar

Legging av større stikkleidningar kan også vera søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Leidningsanlegg som går over anna manns grunn, eller over eigen grunn og som er lengre enn 50 m, er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Vanleg dokumentasjon som for søknadspliktige tiltak skal leggjast fram. Nabovarsel skal sendast og kopi skal leggjast ved saka.

Kart får du ved å ta kontakt på telefon: 56 16 20 00, eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Slik søkjer du

Det skal nyttast eige skjema:

Søknadsskjema 


Saman med søknaden legg du:

  • Situasjonskart som viser tilknytingspunktet til den kommunale leidningen
  • Erklæring om ansvarsrett frå rørleggjarføretaket
  • Eventuelle erklæringar til dømes erklæring med løyve til å leggja leidningsnett over privat eigedom/erklæring med løyve til å knyta seg til privat stikkleidning
  • Eventuelt søknad om graveløyve i offentleg veg og gategrunn. Søknadsskjema for dette finn du her.


Søknaden sender du til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Kva kostar det?

Kommunen krev eingongsgebyr for tilknyting til offentleg anlegg for vatn og kloakk. I tillegg skal det betalast årsgebyr, det vil seie abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Gebyrregulativet vert fastsett årleg i samband med budsjetthandsaminga.

Saksbehandlingsgebyr for utsleppsløyve kan du finne i gebyrregulativet.

Kommunale avgifter - Kontakt Teknisk Drift, tlf. 56162000

Eigarar av bustad, lagshus og hytter kan velje om dei vil betale fast forbruk (150m3) eller etter målt forbruk ved å montera vassmålar. Vassmålar leiger du hos kommunen. Abonnenten betalar alle kostnader knytta til installering og vedlikehald av vassmålarane. Det skal betalast årleg leige.

Næringsabonnentar skal betala etter målt forbruk og må kosta og installera målar sjølv.

Handsamingstid

Fortløpande. I samband med byggjesøknad er tidsfristane som for byggjesakene.

Leveringsvillkår

Leveringsvilkåra tek for seg kva som er kommunen sitt ansvar og kva som er abonnenten sitt ansvar.

Leveringsvillkår drikkevatn og avløpstenester

Kontakt

Leiar Teknisk drift

Tiltaksplan for vassforsyning

Det er Tiltaksplan for vassforsyning, avlaup og vassmiljø 2015-2019 som legg grunnlaget for vidare utbygging av anlegga i kommunen. Ta kontakt med leiar for teknisk drift


Sist oppdatert: 08.02.2019
Publisert: 08.11.2018