Slamtømming

I Austrheim kommune er det Johny Birkeland Transport AS som utfører tømming av septiktankar. Septiktankar til bustader vert tømt annakvar år, medan septiktankar til fritidsbustader vert tømt kvart 4. år.

Dersom du treng ekstra tømming kan du ringje telefon 56 16 20 00. Me gjer merksam på at kostnaden til ekstra tømming må dekkast av abonnenten sjølve.

Når vart tanken sist tømt?

Lurar du på når tanken sist vart tømt? Det kan du finne ut av her

Meir informasjon

Meir informasjon om septik finn du på Norva24 si heimeside.

 


Sist oppdatert: 11.12.2018
Publisert: 10.12.2018