Brannvern og branntryggleik
Skal du installere eller reparere eldstad?
Du treng ikkje søkje dersom:
- du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og same brukseining eller branncelle
- rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak
Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.
Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.
Slik sender du melding til kommunen:
- Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet på brannvern.no
- Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:
- du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
- dette betyr at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig
Slik søkjer du:
- Me brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
- Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
- Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under, som viser kva som skal vera med.
- Skjemaet sender du på e-post til post@austrheim.kommune.no eller med posten til:
- Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Søknaden må innehalda:
- erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
- monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
- opplysningar om tal røykløp
- opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet
- situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
- fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein
Kva kostar det?
Behandling av søknad om ny pipe kostar 8.200 kroner.
Gebyret er det same for avslått sak.
Separat søknad om rehabilitering/reparasjon av eldstad/skorstein 1.900 kroner.
Kva seier lova?
Spesielt om fyrverkeri:
Austrheim har eiga forskrift om bruk av fyrverkeri
Forskrifta er vedteken av kommunestyret hausten 2023, og er tilgjengeleg på Lovdata, klikk på denne lenka for å gå dit: Forskrift om delvis forbod mot bruk av fyrverkeri
Om sal av fyrverkeri, og om bruk utanom nyttårsaftan 18.00-02.00
Fyrverkeri er normalt lovleg å bruka på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 - 02.00. Skal du senda opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkja brannvernet om lov. Du må søkja minst to veker på førehand.
Slik søkjer du om å senda opp fyrverkeri
- Send søknaden på e-post til brannsjef Karl Johannes Romarheim, e-post:
karl.johannes.romarheim@alver.kommune.no - Dersom søknaden din blir godkjend, blir denne sendt vidare til politiet, som tar den endelege avgjerda.
Regelverket opnar for utvida bruk av fyrverkeri etter søknad, så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredjeperson, eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som talar mot eit slikt løyve.
Når kan brannsjefen gje løyve til å bruka fyrverkeri?
- Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum.
- Ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette.
- Når vêrmessige forhold ligg til rette.
- Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell.
- Dersom bruken skjer ved ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk, og der naboar blir varsla på førehand.
På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekna med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.
Du som brukar fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar pliktar å følgja retningslinjene, og bruka fyrverkeriet på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgjevnader.
Sal av fyrverkeri
Alle bedrifter som ønskjer å selja fyrverkeri eller pyroteknisk vare i tida 27. - 31. desember, innanfor butikken si ordinære opningstid, må senda inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.
Du må leggja ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vera eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du senda særskild søknad.
Søknaden sender du til: post@alver.kommune.no
Kva kostar det?
Avgift for handsaming av søknad om sal av fyrverkeri er per mars 2022 på 3.125 kroner, inkludert MVA.
Meir om branntryggleik:
Bål, lyng- og bråtebrenning
Det er forbod mot å brenna bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føra til brann. Skal du brenna bål eller bråte, må du vera sikker på at det ikkje kan føra til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.
Når er det lov?
15. april til 15. september:
I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjera opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkja kommunen om løyve (jfr §3, Forskrift om brannforebygging).
Du må søkja minimum 14 dagar før planlagt brenning. Du kan søkja om løyve for ein periode på inntil 3 veker.
Søknaden må innehalda:
- Namn på ansvarleg og telefonnummer
- Stad for lyng- og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
- Tidsperiode for brenning
- Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking
- Plan for handtering av uhell/ukontrollert spreiing
Send søknad på e-post til: post@alver.kommune.no
Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer søknader for kommunane Alver, Austrheim og Modalen.
Same dag som du skal brenna, gi beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47
15. september til 15. april:
Skal du brenna i denne perioden, må du avklara dette med lokalt brannvesen. Årsaka er at lyng- og bråtebrenning er synleg på lang avstand, og brannvesenet kan få inn mange unødvendige meldingar om brann.
Aktsemdkravet gjelder heile året og er forankra i Forskrift om brannforebygging § 3: «Ein kvar plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann».
Send e-post til brannvesenet seinast sju virkedagar før brenninga.
E-posten må innehalda:
- Namn på ansvarleg og telefonnummer
- Stad for lyng- og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
- Dato/tidsrom for brenning
- Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking
- Plan for handtering av uhell/ukontrollert spreiing
Send den til: post@alver.kommune.no
Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer dette for kommunane Alver, Austrheim og Modalen.
Same dag som du skal brenna, gi beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47
Kommunen kan innføre totalforbod
Er brannfaren spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.
Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.
Sankthansbål, jonsokbål
På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjera opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.
Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkka elden før staden blir forlaten.
Her kan du lesa meir om dette, i Forskrift om brannforebygging (klikk på lenka): Forskrift om brannførebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet
Branntryggleik i heimen
Korleis kan du minska faren for brann i heimen din?
Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom, når desse har lukka dør. Rådet frå brannvernet er å montera fleire røykvarslarar, og at desse er seriekopla slik at alarmen går samstundes i alle.
Formålet med røykvarslarar er å redda dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikla seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.
Røykvarslar
Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at dei røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du sjekka at denne er CE-merka med tilvising til NS-EN 14604.
Husbrannslange
Alle bustader skal ha minst eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.
I vanlege bustader tilrår brannvernet brannslange, som alltid skal vera kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruka vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.
Brannsløkkingsapparat
Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen, gjerne plassert like ved der du søv.
Skadeførebygging og brannøving i heimen
Noko av det viktigaste du sjølv kan gjera, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.
Brannvernet tilrår at alle gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test denne, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis borna skal opptre dersom røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt ute, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.
Branntryggleik i landbruksbygningar
Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.
Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.
Kven har ansvar for kva?
- For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levera eit anlegg som er feilfritt etter forskrifta.
- Det er eigar som har ansvar for å sørgja for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
- Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjera på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
- Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald.
Klikk her for å lesa meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside, klikk på lenka.
Nordhordland brann og redning si heimeside
Nordhordland brann og redning har si eiga heimeside, brannvernet.no, den lig på denne lenka.