Skuleskyss

Har du rett til gratis skuleskyss?

Desse elevane har rett til gratis skuleskyss:

  • Elevar i 1. klasse som har meir enn to kilometer til skulen.
  • Elevar i 2. -10. klasse som har meir enn fire kilometer til skulen
  • Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • Elevar med funksjonshemming og mellombels skade eller sjukdom.

Lengda på vegen vert målt i gåavstand frå døra heime til døra på skulen.

Les meir her: 

Statsforvaltaren i Vestland - Retten til skyss

 

 Utdanningsdirektoratet

Slik søkjer du

Det er Stasforvaltaren som har ansvar for skuleskyss til elevar i grunnskulen, men foreldre og elevar treng ikkje å forhalde seg til andre enn skulen sin.

Skulen bestiller skuleskyss til alle elevar i grunnskulen.

Kva kan du bruke skulekortet til?

Elevar som har rett på fri skuleskyss får Skyss skulekort. Det er skulen som deler ut kortet.

Skyss skulekort gjeld:

  • for to reiser kvar skuledag
  • mellom klokka 05.00 og 19.00
  • ikkje i helger og feriar
  • for maksimalt 190 skuledagar
Har du funksjonshemming, midlertidig skade eller sjukdom?

Elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom kan få drosje i staden for buss. Er dette aktuelt for barnet ditt, må du dokumentere behovet med legeattest og levere dette til rektor på skulen.

Går du på friskule?

Elevar i friskular har rett til fri skuleskyss etter same reglane som elevar i grunnskulen. Det er likevel viktig å vere merksam på at retten berre gjeld innanfor heimkommunen – eller til kommunegrensa.

Klage på vedtak om skuleskyss

Vedtak om fri skuleskyss er enkeltvedtak. Du kan klage på det endelege vedtaket til skulen. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.


Sist oppdatert: 24.02.2022
Publisert: 18.06.2018