HjemSkule og utdanningPermisjon og fri frå undervisninga

Permisjon og fri frå undervisninga

Elevar i grunnskulen kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gi permisjon. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Kyrkja den norske, har rett til permisjon på trossamfunnet sine heilagdagar. Foreldra/dei føresette må sørgje for naudsynt undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når ho eller han er tilbake.

Søknad om permisjon sender du inn via webversjonen av Visma Flyt skule - Føresettportalen.

Klikk her for å lese meir om føresettportalen.

Kriterium/vilkår:

Permisjon i inntil to veker kan berre gjevast dersom det vert vurdert som forsvarleg for eleven si opplæring.

Relevante moment som vert tatt med i vurderinga av ein permisjonssøknad, er blant anna:

  • Om permisjonen er til ulempe for eleven i høve til fagleg utvikling
  • Skulen sitt undervisningsopplegg i permisjonstida
  • Eleven sin permisjonshistorikk

 

I desse situasjonane kan skulen gje permisjon under føresetnad av at det er forsvarleg:

  • Deltaking i idrettsleg konkurranse/stevne
  • Deltaking i kulturell konkurranse/stevne

I grunnskulen i Austrheim skal det normalt ikkje gjevast permisjon for meir enn inntil 10 dagar pr. skuleår.

Det vert ikkje gjeve permisjon til:
  • I periodar med statlege kartleggingsprøvar
  • I periodar med nasjonale prøvar
  • I periodar med eksamenar, munnleg og skriftleg, inkludert førebuingstid
  • For grupper av elevar
  • For eit tal einskildelevar slik at dei dannar ei gruppe – t.d. ved turar i regi av foreldre
  • Det skal normalt ikkje gjevast permisjon til ferie meir enn to gongar i løpet av 1. - 10. klasse.

 

Foreldre/føresette til elevar som har rett til permisjon fordi trussamfunnet dei tilhører har heilagdag, må sørgje for naudsynt undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den ålmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Lovheimlar:

Forvaltningslova, klikk på lenka for å gå til Lovdata.no:

Opplæringslova § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa:

«Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.»

 

Udir si tolking av §2-11 når det gjeld permisjonar for grupper av elevar:

«Ordlyden i opplæringsloven § 2-11 reguelerer pemisjoner knyttet til den enkelte elev, og bestemmelesen regulerer derfor ikke permisjoner for grupper av elever. Opplæringsloven § 2-11 kan heller ikkje brukes når turen er en del av grunnskoleopplæringen.

Hensynet bak regelen er at foresatte skal ha mulighet til å ta ut elevene fra den obligatoriske grunnskoleopplæringen utenom skolens ferier.

 

Både ordlyden og hensynet bak regelen tilsier derfor at bestemmelsen ikke kan brukes slik at det blir en omgåelse av gratisprinsippet. Kommunen kan derfor ikke innvilge permisjon for en gruppe elever med hjemmel i opplæringsloven § 1-11.»


Sist oppdatert: 03.01.2024
Publisert: 18.12.2018