HeimPolitikk og administrasjonPolitisk organisering

Politisk organisering

Kontaktinformasjon for ordførar og varaordførar

Ordførar Per Lerøy er den øvste politiske leiaren i kommunen

Ordfører i Austrheim, Per Lerøy

 

 

 

 

Kontakt ordførar

Per Lerøy (Ap), ordførar 

(kontorplass på kommunehuset)

Kontakt varaordførar

Inger Lise Brekke (H), varaordførar

Kommunestyret

Kommunestyret er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Austrheim er 5 politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer.

Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året. 

Oversikt over medlemmer og varamedlemmer i kommunestyret finn du her

Reglement for Austrheim kommunestyre

Kontaktinformasjon

Spørjetime og interpellasjon i kommunestyret

Kommunestyret i Austrheim gjorde 26. april 2017, i K-sak 023/17, vedtak om regelverk for spørsmål

Kommunestyret har som hovudregel spørjetime to gonger kvart halvår. Tidspunkta vert kunngjort saman med møta. Alle kan stille spørsmål. Spørjetimen varer normalt inntil ein halv time. Ordførar avgjer om det i einskilde tilfelle skal avsetjast meir tid til spørjetimen.

Spørsmål må vera innmelde og avklara med ordførar seinast seks timar før møtet. Dei som ynskjer utfyllande svar, må melda spørsmåla til ordførar seinast 48 timar før møtet.

Spørsmålsstillar får høve til eit oppfølgingsspørsmål.

Det kan ikkje stillast spørsmål om saker som står på saklista til kommunestyremøtet. Spørsmål kan ikkje realitetshandsamast i møtet.

(Når det står i dette at alle kan stille spørsmål, meiner ein at alle representantane i kommunestyret kan stilla spørsmål.)

Formannskapet

Formannskapet består av 5 medlemmer frå kommunestyret, og utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gjeve formannskapet fullmakt til å avgjere.

Dei fem faste medlemmene i formannskapet er: Per Lerøy (Ap) ordførar, Inger Lise Brekke (H) varaordførar, Morten Sognnes (H), Helge Dyrkolbotn (KrF), Bjørn-Inge Dyrkolbotn (Sp).

Oversikt over medlemmer og varamedlemmer i formannskapet finn du her.

Kontaktinformasjon

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt reiskap for demokratisk innsyn og kontroll med alle sider ved kommunen si verksemd.

Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Kontrollutvalet kan også gjennomføre eigne undersøkingar.

Det er berre kommunestyret som kan påleggje kontrollutvalet oppgåver. Når det gjeld førespurnader frå andre partar må kontrollutvalet sjølv vurdere om saka skal handsamast. Det vil då verta vurdert om den ligg innafor mandatet til kontrollutvalet å handsama.  

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan dermed ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta. Tips eller varsling kan sendast i post eller på e-post til sekretariatet.

 

Medlemmer 2019 - 2023: 

Britt M. Skålevik Lerøy (Ap), vara Mariell Sundfjord Storebø (Ap)
Morten Hodnekvam (H), vara Hege Ramsland (H)
Jan Erik Espelid (Bygdelista), vara Marita Bru (Bygdelista)
Inger Aasen (KrF), vara Egil Sætre (KrF)
Gunnstein Sætre (Sp), vara Jan Olav Øksnes (Sp)

Leiar Gunnstein Sætre (Sp), nestleiar Jan Erik Espelid (Bygdelista)

Kontaktinformasjon:

Gunnstein Sætre 
Leiar
Telefon: 92245850

 

Sekretariatet til kontrollutvalet er uavhengig av kommunen sin administrasjon. Region Nordhordland IKS har sekretariattenestene for Austrheim kontrollutval

Kontaktinformasjon kontrollutvalssekretariatet:

Region Nordhordland IKS
Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø

E-post: kontrollutval@regionnordhordland.no 

 

Heimel

Kommunelova kap 23. 

Forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar.

 

Eldrerådet

Medlemmer:

Gro Johannessen, vara Sigfrid Øksnes
Ivar Bergsvik, vara Olaug Sætre
Solveig Hopen, vara Ingve Leirvåg

Frå kommunestyret:
Idar Hopland, Ap, vara Magnus Kvingedal, H
Reidar Øksnes, Sp, vara Helge Dyrkolbotn, KrF

 

Sekretær:

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Medlemmer frå kommunestyret:
Ann Kristin Leirvåg, Ap, vara Hege Ramsland, H
Helge Dyrkolbotn,KrF, vara Marita Bru, Bygdelista

Medlemmer frå organisasjonane:
Anny Sætre Bertelsen, NFU, vara Elsa Skare, NFU
Mette Ekornrød, LPP, vara Terje Utkilen
Odd Øksnes, vara Atle Utkilen, LPP
Medlem frå eldrerådet, vara frå eldrerådet

Leiar: Odd Øksnes
Nestleiar: Ann Kristin Leirvåg, Ap

Rådet sitt første møte vart utsett pga. Korona.

Kontaktinformasjon

Sekretær:

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet består av medlemmar frå 8. klasse, 9. klasse og 10. klasse på skulane: Årås skule, Kaland barne- og ungdomsskule og Austrheim vidaregåande skule

Kontaktinformasjon 


Sist oppdatert: 03.05.2022
Publisert: 11.12.2018