HeimPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarPlanendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Med atterhald om vedtak i kommunestyret den 13.12.2018 så gjer Austrheim kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vedtak om igangsetting av Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen båthamn med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001. Merknad til oppstartmelding må sendast innan 22. januar 2019
Publisert: 05.12.2018
Sist endra: 11.12.2018

Formålet med planendringa er å leggja til rette for ei god utvikling av bustadområdet Heiane med utviding med bustadområde B09 og vidareutvikling av småbåthamna i Finnsvågen.

Planendringa skal innehalda planskildring, ROS-analyse, reguleringsføresegner, plankart og andre utgreiingar som vert krevd i planframlegg fram til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 175 dekar.

Planområde for planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utvidig av bustadområde B09

Saksframlegg - planendring planid. 2018001