HjemPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarNæringsområde - offentleg ettersyn

Næringsområde - offentleg ettersyn

Austrheim kommune sitt formannskap vedtok den 19.03.2020 i sak 027/20 å senda Detaljregulering for Næringsområde N41 og N42 Kaland, vest for Mongstadkrysset, planid. 2018002 ut på offentleg ettersyn. Vedtaket var:

Austrheim kommune legg Detaljregulering for Næringsområde N41 og N42 Kaland, vest for Mongstadkrysset, planid. 2018002 ut på offentleg ettersyn. Plandokumenta med planskildring og føresegner er datert den 05.03.2020, reguleringsplankart og og ROS-analyse er datert den 04.03.2020. Illustrasjonsplanane 1 og 2 er datert 03.03.2020. Grunngjevinga står i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-10.

 

Om planområdet:

Planområdet er i tråd med kommuneplanen sin arealdel (KP) som vart godkjent den 11.04.2019. Planforslaget legg til rette for etablering av nytt industriområde på vest for Mongstadkrysset på Kaland. Planområdet er ca. 400 daa og er i tråd med gjeldane kommuneplan for området. Tiltakshavar og forslagsstillar for planarbeidet er Austrheim kommune. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Planforslaget har som intensjon om å rusta Austrheim kommune mot framtida og bidra til at fleire vil busette seg og arbeide i kommunen. Med tanke på framtidig utvikling er det eit ynskje om å leggja til rette for industri og næring som bidreg til det grøne skiftet. Planen legg opp til at det kan etablerast større næringsbygg og anlegg/installasjonar for ulike typar produksjonsrelaterte verksemder og industritiltak. Dette kan vera: Energi-, IT- og transportbaserte verksemder som; datasentre, batterifabrikk, IT-styring, logistikk, lagring, montering, netthandel. Ei sannsynlege utvikling er at ein stor del av aktiviteten her vil knytte seg til teknologibedrifter med stort arealbehov. Industriområda kan nyttast til næring og industri som har lågt farepotensiale og låg miljøbelastning i form av ureining og støy.

Du kan lesa om planforslaget her på Austrheim kommune si heimeside.

Merknad til planforslaget må sendast skriftleg innan 5. mai 2020 til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

 

Rådmannen


Sist oppdatert: 30.03.2023
Publisert: 20.03.2020