Mindre planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001
Austrheim kommune gjorde i handsaming av ein klage vedtak den 18.03.2021, sak FS-033/21, om at ein tok tatt klagen frå fire grunneigarar på gbnr. 156 ved Finnsvågen delvis til følgje.
Vedtaket var: Formannskapet tek klagen til følgje når det gjeld uforming av arealformål G 3. Planområdet i arealformål G 3 vert redusert som vist i saksutgreiinga.
Arealformål G 3 vart redusert og tilpassa den opphavelege reguleringsplanen frå 1996. Planen er som følgje av dette vedtaket er difor delvis endra i samsvar med pbl. § 12-14 og vert rekna som ei mindre planendring. Den mindre planendringa er eit nytt enkeltvedtak med klagerett. Det er difor høve til å klage på denne planendringa som gjeld reduksjon av arealformål G 3 i planendringa. Klagefrist for partar i denne sak er tre veker, jf. forvaltningslova § 29. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 21. september 2021 til adresse: Austrheim kommune Sætremarka 2 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no
Kommunedirektøren
Her finn du sakspapira frå møtet 18. mars: