HeimPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarMelding om oppstart av reguleringsplanarbeid Næringsområde N18 Øksnesmarka

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid Næringsområde N18 Øksnesmarka

1. Reguleringsplan

  • 1.1 Grunneigar
    Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Odd Haugen AS
  • 1.2 Planområdet
    Næringsområdet til planarbeidet femnar om eigedom gbnr. 161/7, 161/74, 161/71 og 161/8. Vegtilkomst til planarbeidet femnar om eigedom gbnr. 160/128, 160/11, 160/5, 160/1, 160/4, 160/3, 161/6, 161/5 og 161/3, 10.

  • 1.3 Planstatus
    Kommunestyret vedtok kommuneplanens arealdel for Austrheim kommune (Arealplan-ID: 1264_2013001) den 11. april 2019. I arealdelen er eigedomane innanfor næringsområdet til planarbeidet, samt nordlege del av vegtilkomst (definert ovanfor) sett av til føremålet næring (N18) og hamn (H). To mindre områder i austlege og sørvestlege del av næringsområdet, samt resterande areal av føreslege vegtilkomst er i kommunedelplanens arealdel sett av til landbruk-natur og friluftsføremål (LNF). Planområdet er ikkje tidlegare regulert.

    Hovudmålet med planarbeidet
    Føremålet med planarbeidet er å regulere arealet til næringsføremål for å utvikle arbeidsplassar og nye næringar til det grøne skiftet som mellom anna er prioritert satsing i Vestland fylkeskommune sin utviklingsplan. Området er på omtrent 500 daa. Utgreiing av aktuelle utbyggingstiltak pågår. Noverande framlegg er å nytte området til landbasert oppdrett eller andre former for tilknytte næringar innan havbruk, blågrøn profil, grøn industri,  avfall/slamhandsaming/biogass, forproduksjon, og/eller desaltingsanlegg. Tiltakshavar ser føre seg ei trinnvis utbygging ved å ta i bruk eige areal først. For å bevare landskapet mot sjøen er ønska løysing å etablere ei lagune/sprenge seg inn i området og etablere kai.

    Planframlegget vil ikkje vere direkte tiltaksretta, men legg rammar for seinare tiltak. Planen er føresett å vere avklarande i høve arealbruk og naudsynte arealbruksavklaringar vert gjort gjennom planprosessen.

Planen med tilhøyrande dokument vil femne om:

  • 1) Detaljreguleringsplan med tilhøyrande planføresegner i samsvar med § 12-3 i plan- og bygningslova.

  • 2) Planomtale som klargjer innhald og planen sine vesentlege konsekvensar i høve til miljø, samfunn og røyrde partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova.

  • 3) Planprogram som gjer greie for føremålet med planen, planprosessen, medverknad, alternativ og behov for utgreiingar i samsvar med § 4-1 i plan- og bygningslova.

  • 4) Konsekvensutgreiing som skal identifisere og beskrive faktorar som kan bli påverka, og vurdere vesentlege verknadar for miljø og samfunn. Konsekvensutgreiinga skal også beskrive dei tiltak som er planlagt for å unngå, avgrense, istandsette og, dersom mogleg, kompensere for vesentlege skadeverknader for miljø og samfunn både i bygge- og driftsfasen i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova.

  • 5) Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan- og bygningslova.

  • Planområdet er vurdert til å verte fanga opp av verkeområdet til Forskrift om konsekvensutgreiingar vedlegg I, som legg føring på at planprogram og konsekvensutgreiing skal utarbeidast.

    Formannskapet i Austrheim vedtok med visse justeringar å legge planprogrammet ut på høyring i møte 12.05.2022, saksnr. 046/22. Justeringane er innarbeidde i planprogrammet.

2. Merknadar/uttaler til oppstart av planarbeidet

Dersom du har opplysningar, synspunkt, merknader, planar eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planarbeidet, ber vi om at du tilskriv:

Norconsult AS v/Arne Kringlen
Postboks 514
6803 Førde

Frist for å sende inn merknader er sett til 15. august 2022.

Vedlegg:

Notat - Varsel om oppstart

Rapport - Planprogram Øksnesmarka

Oppstartsmøte - Austrheim kommune

Detaljregulering Øksnesmarka – naturmangfald og kunnskapsgrunnlag til konsekvensutgreiing

Vedtaksbrev - Sak i formannskapet


Sist oppdatert: 09.06.2022
Publisert: 09.06.2022