Kom med innspel til planstrategien

Kommunestyret skal minst ein gong i kvar valperiode utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi. Den kommunale planstrategien skal vera eit hjelpemiddel for det nye kommunestyret til å avklare kva planoppgåver Austrheim kommune skal prioritera i valperioden. Planstrategien bør drøfta kommunen sine strategiske val knytta til samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, miljøutfordringar og sektorane sine arbeidsoppgåver.

Ved handsaminga av planstrategien skal kommunestyret ta stilling til om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal videreførast utan endringar. Kommunestyret kan og ta stilling til om det er trong for å setja i gong arbeid med nye arealplanar i valperioden, eller om gjeldane planar bør reviderast eller opphevast. 

Planstrategien skal formelt vedtakast i kommunestyret. Planstrategien vil ha fokus på at planlegginga skal vera behovstyrt og ikkje gjerast meir omfattande enn naudsynt. Austrheim kommune tek gjerne imot innspel til arbeidet med planstrategien framover på e-post: post@austrheim.kommune.no eller på post til: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.

Frist for å komma med innspel er 20. juli 2020.

Rådmannen


Sist oppdatert: 08.06.2020
Publisert: 17.12.2019