HjemPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarInterkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap utarbeidd eit forslag til interkommunal plan for sjøareala i kommunane, jamfør plan og bygningslova (pbl.) §§9-1, 9-2 og 9-3. Det interkommunale planutvalet (IKPU) har fått mynde til å senda planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Planen bygger på rammene i det planprogrammet som vart vedteke av IKPU juni 2021.

Planområdet omfattar sjøareala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Planområdet gjeld berre sjøområda. Det vil seie frå flodmålet i elveosar, vassflata, vassøyla ned og sjølve sjøbotnen. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja og etter rammene elles i hamne- og farvannslova.

Dette er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikra langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munna ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Trykk på lenka under her for å lesa forslaget til arealplan for sjøareala Region Nordhordland: Høyring og offentleg ettersyn - Plan for sjøareal - Region Nordhordland  

Send innspel til planen

Alle innbyggjarar, næringsaktørar, frivillige lag og organisasjonar og offentlege mynde kan senda inn  merknad til planforslaget. Det kan gjelda forslaget til arealplan og føresegnene til arealplanen.

Alle innspel skal merkast - «Høyring Interkommunal plan sjøareal» (skriv dette i emnefeltet i epost) – og send til post@regionnordhordland.no 

eller som brev til:

Region Nordhordland IKS
Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø

Høyringsmøte 15. november - i Knarvik

Det vert eit regionalt høyringsmøte tysdag 15. november, om «Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland»:

  • Kvar: Region Nordhordland Helsehus – 6. etasje, møterom Nordhordland.
  • Når: Tysdag 15. november 2022, kl 18.00 – 20.00.
  • Møterommet klart frå 17.30, med kaffi og noko å bita i.

Sist oppdatert: 24.10.2022
Publisert: 24.10.2022