3. gongs begrensa høyring og offentleg ettersyn - «Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland
Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til 3. gongs begrensa høyring med høyringsfrist 14. august 2023.
Det er mindre endringar av forslaget som var til 2. gongs høyring (2GH). Dokumenta – «Saksutgreiing» og «3GH Arealendringar» - gir oversikt over endringane i høve til 2GH.
Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap utarbeidd eit forslag til interkommunal plan for sjøareala i kommunane, jf. plan- og bygningslova (pbl.) §§9-1, 9-2 og 9-3. Det interkommunale planutvalet (IKPU) har fått mynde til å sende planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Planen bygger på rammene i planprogrammet som vart vedteke av IKPU juni 2021 og det som var på 2. gongs høyring.
Dette er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikre langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.
Alle innspel skal merkast - «Høyring Interkommunal plan sjøareal 3GH» (skriv det i emnefeltet i e-post) – og sendast til post@regionnordhordland.no
Plandokumenta finn du på nettsida til Region Nordhordland, lenkene under går direkte til deira nettside. Dokumenta er ganske omfattande – men her er ei kort «rettleiing» på kva du bør sjå på og rekkefølgje (starte med):
- Høyringsbrev
- Saksutgreiing
- Arealendringar
- 2GH IKP sjø innspel - oversikt over merknadane til 2GH og korleis dei er besvarte
Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring kan du ta kontakt med:
- Hans Kristian Dolmen: hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no
- Bent Gunnar Næss: bent.gunnar.naess@regionnordhordland.no
Saksdokument til denne høyringa (klikk på lenkene for å lesa PDF-dokumenta):
- 3GH høyringsbrev IKP sjøareal Region Nordhordland (.pdf)
- Saksutgreiing 3GH plan ikpu (.pdf)
- Referat ikplsjø planutval 13, 16.06.2023 (.pdf)
- 3gh arealendringar (.pdf)
- 3gh ikp sjø NH planskildring (.pdf)
- 3gh ikp sjø NH føresegn (.pdf)
- 3gh ikp sjø NH KU og ROS (.pdf)
- 3gh ikp sjø NH KU vedlegg innspel (.pdf)
- 3gh ikp sjø NH kunnskapsgrunnlag (.pdf)
- 2gh ikp sjø innspel (.pdf)
- 3gh adresseliste høyring (.pdf)
Plankart til 3. gangs høyring, (klikk på lenkene for å lesa PDF-kart):
- IKP sjøareal 3gangs alle kommunane (.pdf)
- Alver 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Austrheim 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Fedje 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Gulen 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Masfjorden 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Modalen 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Osterøy 3gangs ikp sjøareal (.pdf)
- Vaksdal 3gangs ikp sjøareal (.pdf)