Borgarleg vigsel

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Noreg, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylte. Dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkåra og vert gjort av folkeregisteret ved det regionale skattekontoret. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest. 

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader frå utskriving og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • Attesten må sendast/leverast til kommunen i original utgåve. Du kan sende den til:
    Austrheim kommune
    Sætremarka 2
    5943 Austrheim

Her finn du Skatteetaten sin rettleiar for vigsel

Andre krav til dokumentasjon

På vigselsdagen må brudeparet vise fram legitimasjon til vigslar. Vi godtar gyldig pass (ikkje naudpass), norsk førarkort og bankkort med bilete og personnummer. I tillegg må de leggje fram eventuelt opphaldsløyve, dersom det er aktuelt.

Slik bestiller du tid

Skjema for bestilling av vigsel

 Vigselsseremonien

I Austrheim er det ein av desse tre personane som kan vie deg:

  • Ordførar Morten Sognnes
  • Varaordførar Per Lerøy
  • Kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug

Vi tilbyr vigsel mellom kl. 11. og kl. 14 på kvardagar. I tillegg kan vi gjere avtale om enkelte laurdagar og eventuelt helligdagar.

Stad for vigsel

Vi brukar Austrheimstova i 2. etasje på kommunehuset. Du kan nytta inngangen frå Tusenårsstaden på baksida av kommunehuset. Då kjem du rett inn i vigselsrommet. Staden utanfor er fin til opphald og fotografering.

I tillegg kan du be om at vigselen føregår andre stader, anten ute eller i eit anna lokale. Viss det er vèr til vigsel ute, kan du t.d. nytta Vardetangen, det vestlegaste punktet på Noregs fastland.

Skjenking i samband med vigsel

Kommunestyret har gitt generelt skjenkeløyve i samband med vigsel, dette gjeld i kantina der vigsla skjer, og like utanfor bygget. Den som står for vigsla er ansvarleg for skjenkinga.

I praksis betyr dette at de har høve til å ta med ei flaske musserande eller liknande, og nyte dette i samband med vigsla, og i samband med ev. fotografering utanfor.

Kva kostar det?

Dersom du nyttar Austrheimstova, er vigselen gratis. Skal vigselen føregå på andre stader i kommunen, må du betale kostnaden med transport, dette vil kosta rundt 1 000 kr.


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 27.11.2018