HeimPlan, bygg, oppmåling og eigedomFrådeling og oppmåling

Frådeling og oppmåling

I ei oppmålingsforretning merkjer og måler vi opp eigedomsgrenser og fører dei inn i matrikkelen (eigedomsregisteret). Oppmålingsforretninga skal avklare grenser og andre høve som er nødvendige for matrikkelføringa.

Kven kan søkje?

Eigarar, festarar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt.

Når må du søkje?

Ved oppretting av:
  • Ny grunneigedom
  • Ny anleggseigedom
  • Ny festegrunn
  • Nytt jordsameige
  • Ny eigarseksjon som omfattar uteareal
Dersom du ønskjer å gjennomføre:
  • Arealoverføring
  • Grensejustering
  • Klarlegging av eksisterande grense

Ved registrering av uregistrert jordsameige eller endring i registrert sameigefordeling

Slik søkjer du

Søknadsskjema

Rettleiing til søknadsskjemaet

  • Fyll ut søknadsskjemaet.
  • Teikn inn forslaget til ny eigedomsgrense på eit kart, eller ta kontakt med kommunen for å få eit situasjonskart. Kartet skal du leggje ved søknaden. Anslå storleiken på arealet som er ønska oppmålt.
  • Har du kopi av gamle grenseskildringar (skyldskifte, utskiftingsprotokollar med meir) bør kopi leggjast ved søknaden.
  • Før søknaden vert sendt inn til kommunen, må naboar varslast. Det er ikkje krav om å varsle alle naboar dersom søknaden gjeld klarlegging, arealoverføring, eller grensejustering som berre berører dei som søkjer. Skjema for nabovarsel og kvittering for nabovarsel finn du her. Er du usikker på kven som er naboane dine? Naboliste over aktuelle naboer kan du bestille hos kommunen eller Ambita Infoland. Kvittering for nabovarsel legg du ved søknaden.

Pris

Pris på tenesta er bestemt i Lokal forskrift om gebyr for teknisk forvaltningsteneste i Austrheim kommune

Handsaming

Alle berørte partar får skriftleg varsel seinest 14 dagar før oppmålingsforretninga.

På oppmålingsforretninga avklarer vi eksisterande grenser og dei nye grenselinene vert påvist, merka og nøyaktig innmålt. Dersom det er hefte og rettar på arealet som skal overførast, hjelper vi med å få desse sletta. Kommunen vil tinglyse dei nye grensene, og du vil få tilsendt eit matrikkelbrev som er ei fullstendig skildring av eigedomen med koordinatfesta grenser.

Handsamingstid

Oppmålingsforretninga skal vere gjennomført innan 16 veker frå godkjent søknad.

Kontakt

Servicekontoret på Austrheim kommunehus, telefon: 56 16 20 00

E-post: post@austrheim.kommune.no

Lovverk

 


Sist oppdatert: 08.02.2019
Publisert: 27.06.2018