HjemPlan, bygg, oppmåling, eigedom og miljøMiljø, klima og forureiningNedgravne oljetankar til oljefyring med mineralolje

Nedgravne oljetankar til oljefyring med mineralolje

Allereie i 2012 varsla Stortinget at fossil oljefyring ville bli forbode. Frå 2020 vil det ikkje lenger vere tillate å bruke mineralolje til oppvarming av verken bustadar eller bygg. Les meir på www.oljefri.no.

Sommaren 2017 kom forskrifta, den juridiske formuleringa av forbodet; Forskrift om forbud mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygninger. Sommaren 2018 vedtok regjeringa ei ytterlegare utviding av forbodet. Les forskrifta her .

Kva blir forbode?

Frå 1. januar 2020 er det forbode å bruka mineralolje, eller fossil fyringsolje og parafin, til oppvarming av bustadar og næringsbygg i Noreg. Med oppvarming meinast ikkje berre oppvarming av romma, men også av varmvatnet og ventilasjonslufta i bygningen. 

For kven gjeld forbodet?

Forbodet gjeld for alle bustadar og bygningar i Noreg, men med nokre få unntak.

I fritidsbustadar, hytter og fyrstasjonar utanfor straumnettet vil det framleis vera tillate å bruka fossil fyringsolje og parafin. Det same gjeld for industribygningar.

Driftsbygningar i landbruket og sjukehus får nokre ekstra år, til 2025, på å gjennomføre tiltaka. 

Kommunen kan også i enkelte heilt spesielle tilfelle gi dispensasjon.

Kven skal følge opp forbodet og korleis?

Det er den som eig og brukar fyringsanlegget som er ansvarleg for å følge forskrifta.

Kommunen kan få utlevert lister over kven som har kjøpt fossil fyringsolje og parafin, frå alle som sel desse produkta. Og kommunen kan krevja inn gebyr frå bustadeigarar som ikkje overheld retningslinene i forbodet. Kor store gebyra vil bli, er opp til den enkelte kommune å bestemma. 

Dersom det i enkelte område av landet ikkje skulle vera tilstrekkeleg kapasitet i straumnettet til å gjennomføra forbodet, kan NVE tillata at det blir brukt fossil fyringsolje til oppvarming i akkurat desse områda. 

Forskrift for nedgravne oljetankar:

Miljøverndepartementet fastsette 31. januar 1997 "Forskrift om tiltak for å motvirke fare for forurensing fra nedgravde oljetanker" som seinare blei inkludert som kapittel 1 i Forurensningsforskriften.

Ansvarsforhold:

Det er du som er eigar av bygget (grunneigar) som er ansvarleg for oljetanken, og for å sikra at oljetanken er i forsvarleg stand. Du risikerer erstatningsansvar om du eig ein gamal oljetank som begynner å lekka.

Eig du ein bustad med oljetank, er du også ansvarleg for skadane oljetanken kan forårsake. Derfor er det viktig at du har kjennskap til korleis regelverket seier at oljetankar bør behandlast, og til kva reglar som gjeld i samband med kontroll og fjerning av tanken.

 Meldeplikt:

Kommunen skal ha skriftleg melding om oljetankar som er tatt ut av bruk. Det er gjerne brannvesenet eller teknisk etat som har ansvaret for dette i kommunen. Formålet med registeret er å hindra lekkasjar, men også å avgrensa skadeomfanget frå lekkasjane.

Brukar du ikkje lenger oljetanken og har fått den sanert? Meld frå om dette til kommunen. Legg ved dokumentasjon som til dømes kvittering frå dei som har gjort arbeidet, kvittering frå der tanken er innlevert, og bilde frå arbeidet der tanken vart tatt opp av jorda.

Oljetanken har avgrensa levetid:

Nedgravne ståltankar blir utsette for fuktigheit både frå olja som kondenserer inne i tanken, og frå jordsmonnet på utsida. Over tid vil tankane rusta.

Nedgravne tankar av glassfiber er sårbare for endringar i trykk, og kan sprekka. Sjølv om glassfibertanken ikkje rustar, gjer røyr og leidningar det. Lekkasjar frå oljetankar kan få store konsekvensar for miljø, helse og økonomi.
 
Derfor finst det eit regelverk som angir korleis nedgravne oljetankar bør behandlast for å hindra ureining. For deg som er tankeigar er dette regelverket svært nyttig.

Tankar som er ute av bruk:

Oljetankar som er tatt ut av bruk har framleis restolje. Derfor utgjer oljetanken framleis ein risiko for ureining sjølv om du ikkje lenger brukar oljefyren. Derfor blir det slått fast i lovverket at dersom det oljefyrte oppvarmingssystemet blir fjerna, så skal også oljetanken sanerast. Tankar som ikkje lenger er i bruk skal tømmast og reinsast før dei blir gravne opp.
 
Kommunen kan i særlege tilhøve gi løyve til at tankar som permanent tas ut av bruk kan bli liggande. Dette gjeld spesielt i tilhøve der tilkomsten til tanken er vanskeleg. Du må søka kommunen om dette.

Tankar det er gitt løyve til å bli liggande, skal reingjerast før dei skal fyllast med reine, stabiliserande masser som sand eller liknande.

Oljetanksanering:

Har du oljefyr, eller har bustaden din hatt det tidlegare? Kom oljelekkasjen i forkjøpet og få oljetanken din sanert.

Hugs at oljetankar har avgrensa levetid. Det einaste du kan vera heilt trygg på er at det før eller seinare vil gå hol på tanken - eller røyrleidningane som er kopla til. Spørsmålet er berre når det vil skje.

Dei fleste oljetankane blei plasserte for mange tiår sidan. Mange er allereie tiår over det vi kallar teknisk levetid - eller den levetida du kan forventa at oljetanken bør ha.

Oljelekkasjar kan få store konsekvensar for deg og nærområdet ditt. Derfor er det viktig at desse potensielle miljøbombene blir tømt, reinsa og fjerna på forsvarleg vis.

Bør du sanera oljetanken?

  • Oljetanken er ikkje lenger i bruk.
  • Du er i gang med å fasa ut fossil oljefyring frå bustaden din.
  • Oljetanken er gamal og utgjer ei ureiningsfare.

Kva kostar det?

  • Å tømma og reinsa ein oljetank kostar frå 8 - 15.000 kroner.
  • Å få tanken sanert og levert på avfallsmottak kostar gjerne rundt 20.000 kroner. Som privatperson kan du normalt levera spesialavfall til NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen, utan å betala. Firma må betala.
Slik går du fram:
  • Finn informasjon om oljetanken din. Det viktigaste er alder, storleik, kor den ligg og kva for materiale den er laga av, og eventuelt tidspunkt for siste tilstandskontroll.
  • Finn ut om du skal gjera deler av jobben sjølv, eller om du skal få eit firma til å gjera alt.
  • Send ein førespurnad om pris til fleire firma. Du bør bruka eit firma med sertifisert mannskap til reinsing og gassmåling av tanken. Da kan du bevisa for avfallstasjonen at oljetanken er rein - og ikkje lenger utgjer nokon miljøfare når den blir levert inn der. Firmaet bør også ha køyretøy som er godkjent for å frakta farleg gods på veg.
  • Firmaet finn oljetanken og grev den fram. Tanken skal tømmast, reinsast (og gassmålast) før den etter dette kan fraktast til eit godkjent mottak. I dei aller fleste tilfella er du forplikta til å både reinsa og fjerna oljetanken, men i nokre tilfelle - dersom oljetanken er vanskeleg å komma til - kan du søke kommunen om dispensasjon frå fjerninga. Oljetanken skal likevel tømmast og reinsast, og påfyllingsrøret skal øydeleggast eller fjernast.
  • Gi beskjed til kommunen om at oljetanken er sanert. Firmaet er pålagt å gjera dette for deg, men det er du som har det endelege ansvaret for å sørga for at kommunen har fått beskjed.
  • Dersom du erstattar parafinkamin eller oljekjel samtidig med fjerning av tanken, har du rett til å få støtte frå Enova. Les meir og søk støtte.

 


Sist oppdatert: 28.12.2020
Publisert: 26.03.2019