Kommunale bygg

 

Austrheim kommune har ein bygningsmasse på rundt 24 500 m2. Bygningsmassen omfattar offentlege bygg som skular, sjukeheim og rådhus samt kommunale bustader som vert leigde ut. Utbygging av kommunale bygg vert gjennomført i tråd med vedteken økonomiplan.

Teknisk drift har ansvar for administrasjon, utbygging og vedlikehald av bygningsmassen. Dette inneber mellom anna kjøp og sal av bustader, inngåing av huseleigeavtalar og utdeling av nøklar.

Kontakt

Utleige av kommunale lokale

Austrheim kommune leiger ut lokale i fleire kommunale bygg, mellom anna seniorsenteret, idrettshall og fellesareal i skulebygg. 

Kontakt:

Servicekontoret

  • Tlf. 56 16 20 00
  • E-post: post@austrheim.kommune.no

Vedlikehald av kommunale bygg

Teknisk drift har ansvar for vedlikehald av kommunale bygg.

Kommunale utleigebustader

Bustadnemnda har ansvar for behovsprøving og tildeling av kommunale utleigebustader som vert tildelt på sosialt grunnlag.

Kommunale omsorgsbustader

Austrheim kommune ved heimeteneste har ansvar for behovsprøving og tildeling av kommunale omsorgsbustader.


Sist oppdatert: 03.04.2019
Publisert: 27.06.2018