Adressetildeling

Offisiell adresse knyter ein bygning til vegnavn, husnummer og eventuelt også eit bustadnummer. Kommunen har vedtatt namn på alle adressevegar i Austrheim kommune.

Tildeling av adresse

Det er normalt ikkje nødvendig å søkje om å få tildelt adresse. Kommunen tildeler adresser etter kvart som det vert sett opp nye bygg som skal ha adresse. Adressa skal som hovedregel knytast til den vegen bygningen har godkjent tilkomst frå.

Når skal det tildelast offisiell adresse?

Det skal tildelast offisiell adresse til bygningar som vert nytta til:

  • Bustadføremål
  • Fritidsføremål
  • Næringsverksemd
  • Offentleg verksemd

Merking av tildelt adresse

  • Huseigar er ansvarleg for å kjøpe og setje opp godkjende husnummerskilt på godt synleg stad.
  • Eigar er ansvarleg for å setje opp tilvisingsskilt til husnummer som ikkje synast frå veg,  der eigar sjølv eig eigedommen fram til vegen.
  • Kommunen er ansvarleg for å setje opp andre adressetilvisingsskilt der det er trong for det.

Endring av adresse

Ein eigar kan i enkelte høve vende seg til kommunen om den ønskjer å endre adressa på eigedomen sin, då ut frå at eit av punkta under er til stades.

Når kan det vere aktuelt å endre eksisterande adresse?

Det kan vere aktuelt å endre eksisterande adresse ved til dømes:

  • Ny tilkomstveg
  • Vanskar knytt til å finna fram med den adresseringa som er
  • Retting av feil ved tidlegare adressevedtak

Kommunen kan foreta endring av adresse ved:

  • Fortetting av hus/vidare utbygging
  • Omlegging av veg/tilkomst
  • Ved andre forvaltningsmessige endringar

Handsamingstid

Adressetildeling vert gjort kontinuerleg i samband med at søknad om eit nybygg er godkjent, og seinast når eit bygg vert meldt ferdig.

Klage

Adressetildeling og vedtak om adresseendring er eit enkeltvedtak, med 3 vekers klagefrist. Kommunen vil kunne rettleie deg i klageprosessen.

Ei eventuell klage skal du sende til kommunen. I klaga skal du grunngje kva du ønskjer å endre. Kommunen vil behandle klaga, og dersom kommunen ikkje tek klaga til følgje vil den bli sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Feil eller manglar

Dersom det er feil eller manglar ber ein publikum ta kontakt med Austrheim kommune og gje melding om dette.

Kontakt

Relatert informasjon

Vilkår

Adresse skal tildelast bygningar som vert nytta til bustad, fritidsbustad, næring eller offentleg verksemd. Det kan også vere aktuelt å tildele adresse til anna enn bygningar dersom dette har allmenn/offentleg interesse.

Heimel

Adressemerking av bygg med fleire einingar

Kartverket sluttar å produsere og sende ut adressemerker 11. desember 2018. Det betyr at du som byggjer eller skal flytte inn i større bygg med fleire einingar sjølv må syte for å skaffe adressemerker til inngangsdøra di. 

Lovregulert merking

Sjølv om Kartverket avsluttar trykking og utsending av adressemerker, ligg det fortsatt eit krav om at brukseiningar (til dømes leiligheiter) som har inngang til leiligheita si innanfor ein felles ytre inngang som har gateadesse, skal merkast med adressemerker. Dette gjeld også i større bygg med fleire brukseiningar til andre føremål enn bustader - til dømes kontor. Den offisielle adressa til slike einingar består både av gateadresse og brukseiningsnummer slik dømet på adressemerker viser.

§ 57 tredje ledd i matrikkelforskrifta seier «Eier, fester, beboer eller tiltakshaver skal merke bruksenhet som er tildelt egen offisiell adresse, med adressemerke. Merket skal settes synlig på eller ved inngangsdøren for bruksenheten.»

Ifølge kommentaren til forskrifta er eigar, festar, bebuar eller tiltakshavar ansvarleg for at brukseininga vert merka etter gjeldande reglar. Adressemerka skal vere sett opp før bruksløyve vert gjeve.

Korleis skal adressemerka sjå ut?

Adressemerke skal innehalda informasjon om bustaden si vegadresse, altså vegnavn og -nummer. I tillegg skal leiligheita/ brukseininga sitt brukseiningsnummer stå på. Teksten må vere tydeleg og lett å lese.

 

Kvar kan eg kjøpa adressemerker?

Kartverket tilrår å bestille dørskilt med adressemerke hjå ein profesjonell aktør, då det gjev dei mest haldbare skilta. Innhaldet på skiltet endrar seg ikkje i dei tilfelle det kjem nye bebuarar i leiligheitene. Adressa vert den same, og skiltet kan stå igjen på/ved døra ved flytting.


Sist oppdatert: 28.12.2020
Publisert: 27.06.2018