Ledige næringsområde i Austrheim

Austrheim kommune ligg i Nordhordland, midt i det nye Vestland fylke. Kommunen er vertskap for deler av Equinor sitt anlegg på Mongstad, og har elles eit variert næringsliv med alt frå serviceindustri opp mot olje og gass, til lokalitetar for oppdrett av laks.

Næringsareal på Mongstad

Like ved Mongstad-anlegget har kommunen klart til utbygging eit større areal:

  • Næringsområde N41 og N42 Kaland, vest for Mongstadkrysset
  • Areal: 304 515 kvadratmeter, kan delast
  • Arealstatus: Detaljregulert, planen vedteken 17.12.2020
  • Arealet grensar opp mot næringsområde som er eigd av andre aktørar
  • Du kan sjå plandokumenta på arealplaner.no, klikk på denne lenka for å gå dit (ekstern lenke)
  • Ved interesse for dette arealet på Mongstad, ta kontakt med: Kommunalsjef samfunnsutvikling og tenesteyting Bjarte Rosenlund, telefon 95 41 68 70

Næringsareal i Øksnesmarka

I den nyleg vedtekne kommuneplanen er eit større areal i Øksnesmarka, om lag 550 mål, sett av til næring. Dette arealet grensar til sjø, og det er mogleg med djupvasskai. Arealet kan til dømes brukast til landbasert fiskeoppdrett.

Status for arealet er at formannskapet i Austrheim i møtet 23. februar 2023 godkjende planprogrammet for detaljregulering av næringsområdet N18 i Øksnesmarka.

Planen vert utarbeidd privat, så framdrifta av prosessen her er det ikkje kommunen som styrer.

Sentralt i Vestland

Austrheim har gode kommunikasjonar både nordover sørover i fylket. Her er stoppestad for hurtigbåtane som går mellom Bergen og nordre del av Vestland, og reiser du med bil er det ein dryg time å kjøra frå Bergen.

Like ved kommunesenteret ligg Austrheim vidaregåande, som har elevar frå begge fylka som har gått saman i Vestland.

Kommunen har i dag 2.900 innbyggarar, og håpar sjølvsagt på at fleire vil bu og jobba i den flotte kommunen vår.

Ordførar Per Lerøy er kontaktperson opp mot næringslivet, ta kontakt på 56 16 20 00.


Sist oppdatert: 04.09.2023
Publisert: 10.02.2020