HeimNæring og landbrukEtablerarhjelp

Etablerarhjelp

Region Nordhordland

Region Nordhordland har ei rekkje tilbod for etablerarar. Gjennom regionrådet kan du melde deg på ulike kurs, delta på temasamlingar eller møte andre gründerar. 

Industriutvikling Vest

Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søkje om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.

Nordhordland handverk- og industrilag

Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL) er ein interesseorganisasjon for bedrifter som driv med handverk, industri og tenesteyting i Nordhordland og Gulen. Industrilaget har 250 medlemsbedrifter.

Nordhordland næringshage

Nordhordland Næringshage er eit utviklingsmiljø for næringar som driv med reiseliv, kultur og opplevingar. Treng du kontorplass og ønskjer å vere del av eit større kompetansemiljø, kan dette vere staden for deg. Her finst i tillegg prosjektmidlar til bedrifter i etableringsfasen. 

Etablerersenteret

Etablerersenteret held etablerarkurs og tilbyr rådgjeving til etablerarar, gründerar, oppstartsverksemder og entreprenørar. Treng du hjelp til å kome i gang med din forretningsidé eller til å vidareutvikle ei etablert bedrift? Etablerersenteret har brei erfaring innan forretningsplanlegging.

Etablerersenteret er finansiert gjennom eit spleiselag med Hordaland fylkeskommune og 19 kommunar i Hordaland. 

Sjå kursoversikt

Kom'an

Kom-an.no er ein nettportal for deg som ønskjer å finne ut meir om moglege rådgjevings- og finansieringsordningar i Hordaland og få oversyn over eit mangfald av utviklingsaktørar. Portalen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge.

 

Altinn – starte og drive bedrift

Altinn har ei god nettside med alle typar informasjon du treng for å etablere di eige bedrift

 

Kontakt for meir informasjon:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Tlf. 56162200

E-post. post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 13.12.2018
Publisert: 27.06.2018