Bandtvang

Det er bandtvang frå og med 1. april til og med 20. august.

Vi følgjer reglane i Lov om hundehold, og har ikkje eigne særreglar for bandtvang i Austrheim kommune.

I perioden med bandtvang må du som har hund anten ha hunden i band eller sørgje for at han er forsvarleg inngjerda eller innestengt.

Skal du bruke hunden din på jakt eller i aktiv teneste for politiet eller militæret? Då finst det unntak i lova om bandtvang.

Trykk her for å lese kapittel 2 om sikring av hundar i hundelova

Trykk her for å lese kapittel 3 om løse hundar i hundelova


Sist oppdatert: 10.02.2020
Publisert: 03.12.2018