HeimKulturKulturavdelinga

Kulturavdelinga

Ei målsetjing er at alle som bur i Austrheim skal få eit godt kulturtilbod av god kvalitet. Kommunen vil stimulere til utvikling, aktivitet og trivsel.

Kulturavdelinga

Ei målsetjing er at alle som bur i Austrheim skal få eit godt kulturtilbod av god kvalitet og kommunen vil stimulere til utvikling, aktivitet og trivsel.

Leiar kulturavdelinga Kari Torkildsen Utkilen kari.utkilen@austrheim.kommune.no 56162007
Biblioteket  

bibliotek@austrheim.kommune.no

fonnes.bibliotek@austrheim.kommune.no

56162007

56168311

Rektor kulturskulen Steinar Ebbesvik steinar.ebbesvik@austrheim.kommune.no  
Ungdomskoordinator Anita Soltveit anita.soltveit@austrheim.kommune.no 47480209
Leiar Austrheim ungdomsklubb Heidi Pedersen Sylta heidi.sylta@gmail.com 97632704
Kulturdagane i Austrheim 

Anna kvart år arrangeras Kulturdagane i Austrheim. Lag og organisajonar saman med Austrheim kommune lagar felles oppleviingar for innbygjarane. 

Kulturprisen

Kulturprisen er meint å vere ei takk og ei oppmuntring til einskildpersonar, grupper eller lag som gjer/har gjort ei verdifull innsats i lokalmiljøet vårt anten innanfor arbeid i frivillige lag og organisasjonar, spesielle aktivitetar/oppgåver e.a.

Det er formannskapet som tek stilling til kven som får Kulturprisen, men alle er oppfordra til å kome med forslag. Prisen vert delt ut anna kvart år i Kulturdagane Austrheim.


Desse har fått kulturprisen til no:

2016: Henrik Austrheim - frivillig innsats sidan barnsbein av 

 2014: Asbjørn Brandtun - aktiv innan idrett, kultur og landbruk

 2012: Øystein Vikane - frivillig og kyrkjeleg arbeid

2010: Rigmor Ludvigsen – for aktiv i kulturlivet

2008: Trond Einar Sørensen -  for arbeid med lyd og lys 

 2006: Dugnadsgjengen på Leirvåg Bedehus 

 2005: Ikkje delt ut 

 2004: Knut Risnes – for aktiv innsats for bygda i ein mannsalder 

 2003: Ikkje delt ut 

 2002: Joronn Sætre og Solveig Hopen – for arbeidet med jentespeidarane i 25 år 

 2001: Arvid Tresvik – for innsatsen i Austrheim Rocke Verkstad

 2000: Ingrid Askvik og Årås søndagsskule v/Gro Johannesen 

1999: Monrad Sætre og Johanna Rebnord – for sosialt og medmenneskeleg engasjement 

 1998: Per Ingmar Hartwall – innsats i symjegruppa AIL 

 1997: Asbjørg Lohne – innsats i sanitetsforeining m.v. 

 1996: Kjell-Tore Karlsen – innsats innafor Austrheim Idrettslag m.v. 

 1995: Neptun Pensjonistklubb – innsats i Selsøya/krigshistorie

 1994: Kolbjørn Haugland – innsats Austrheim samfunnshus, Austrheim songlag m.v. 

 1993: Trygve Minde – innsats mellom barn og unge 

 1992: Gjertrud Daae – allsidig innsats på kultursektoren

 1989: Odd W. Suren – forfattar Dette året vart det delt ut kulturstipend frå Austrheim kommune

 

Kulturprisen 2018 - Fonnes bygdelag

I 2018 ver det Fonnes Bygdelag som fekk denne prisen.

Her er juryen si begrunning for å gje Kulturprisen 2018 til Fonnes Bygdelag:

Kulturprisen 2018 går til eit lag som er aktivt  i kulturlivet i Austrheim.

Laget har vist, at med samarbeid er dei i stand til å gjennomføre store prosjekt. Dei tek del i samfunnsutviklinga, og er ein aktiv partnar i planprosessar til beste for lokalmiljøet.

Laget har i mange år stått for ein tradisjonell og flott festival. Det er spekka med eldsjeler som gjer ein formidabel dugnadsinnsats. Leiar, og styret er førebilete på målretta frivilleg arbeid i samarbeid med det offentlege og andre gode bidragsytarar og støttespelarar.

Bygdelaget har på ein imponerande måte vore med på å skape eit rekreasjonsområde, ein møteplass for folk som bur i bygda, i kommunen og heile regionen. Det beste som har skjedd innan folkehelse i nyare tid. Noreg sitt vestlegaste fastlandspunkt framstår i ny prakt, og er nå tilgjengeleg for alle.

Austrheim kommune vil med dette få takke for samarbeidet, og det er ei stor glede her på Festkonserten i Austrheimhallen, å få dele ut Kulturprisen 2018 til Fonnes Bygdelag.

Ærespris 2018 - Steinar Ebbesvik

Det er mange i bygda som fortener ein pris for godt arbeid.
I «Musikkorpsenes år» 2018 ville Austrheim kommune dele ut ein Ærespris til ein som verkeleg har sett spor etter seg i kulturlivet i Austrheim, Steinar Ebbesvik.

Grunngjeving for tildelinga:

Prisvinnaren har i heile sitt vaksne liv;

  • spreidd musikkglede til barn og unge
  • hatt ansvar for uteljelege prosjekt, og gledd innbyggjarane i Austrheim med  mange flotte kulturarrangement
  • dirigert både korps og kor
  • gleda unge og gamle med pianospel 

Tidleg på 90-talet gjekk han, med fokus på kvalitet, i bresjen for å starte «Kulturdagane Austrheim» i  samarbeid med lag og organisasjonar.

Han starta med blanke ark eit utdanningstilbod innan musikk, og Austrheim Kulturskule har i 2018 35-års jubileum. Kulturskulen har i dag eige bygg med eit positivt miljø der barn og og unge kan utvikle sine skapande evner.

Austrheim har hatt stor glede av arbeidskapasiteten til prisvinnaren, og han betyr mykje for mange.

Æresprisen vert delt ut til Steinar Ebbesvik for sitt store engasjement og innsats innan kulturlivet i Austrheim.

 


Sist oppdatert: 07.12.2018
Publisert: 20.11.2018