HjemKulturFrivilligsentralen

Frivilligsentralen

Logo Austrheim FrivilligsentralFrivilligsentralen er ein møteplass som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet – nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpe.

Treng du ”ei hjelpande hand” ta kontakt. Du kan ringe, eller komme innom på kommunehuset.

Visjon:

Meir enn du gav fekk du att 

Halldis Moren Vesaas


Dei frivillige er i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Kva du kan gjere, er det du sjølv som bestemmer. Nokre gonger er det mest behov for sosiale oppgåver, andre gonger kan behova vere innanfor kultur og fritid.

Kontakt:

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?
Kontakt frivilligsentralen uansett.

Leiar av Frivilligsentralen, Rigmor Ludvigsen:

  • Tlf. 56 16 21 34
  • Mob. 456 35 324
  • E-post: rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no

 

Folkehelsekoordinator

Leiar av Frivilligsentralen Rigmor Ludvigsen har og rolla som folkehelsekoordinator i Austrheim kommune.

 

Austrheim Seniorsenter

Frivilligsentralen har aktivitetar på dagtid 4 dagar i veka.

Måndag

  • kl. 11.00 Herretrim og sosialt samver.


Tysdag:

  • kl. 11.00 Dametrim og sosialt samver.


Onsdag:

  • kl. 13.00 Middag og sosialt samver


Torsdag:

  • kl. 11.00 Sosialt samvær og kafé.

Ulike aktivitetar også på kveldstid, klikk her for å sjå kulturkalenderen.

  • Tango for to – første onsdag i kvar mnd. Kl. 19.00
  • Strikkekafe – anna kvar tysdag kl. 18.00

Frivilligsentralen arrangerer også ulike kurs, konserter og foredrag.

Aktivitetar:

mellom anna

  • Praktisk hjelp
  • Besøksteneste
  • Formidling
  • TV-aksjon
  • Kulturdagar
  • Kurs
  • Fadderteneste

Meir om Austrheim seniorsenter

Andre oppgåver som Frivilligsentralen står for/samarbeider om:

  • Markering av Eldredagen
  • Markering av Verdens aktivitetsdag
  • Tenester for lag og organisasjonar
  • Følgjeteneste
  • Frivillige på Nordliheimen
  • Songtreff på Seniorsenteret
  • Musikaloppsetting med barnekoret
  • Ulike arrangement i tilknyting til Den kulturelle spaserstokken

Sist oppdatert: 18.07.2022
Publisert: 27.06.2018