HjemHelse, sosial og omsorgVald og overgrep

Vald og overgrep

Er du sjølv utsett for vald eller overgrep?

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Kommunen har avtale med krisesenteret i Bergen.
  • Bergen Legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsoffer.
Kontaktinformasjon
  • Krisesenteret i Bergen: Ring 55 31 50 50
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 55 99 50
  • Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande: Ring 800 57 000
  • SMISO Hordaland: Ring 55 90 49 90
Kva kostar det?

Alle desse tilboda er gratis.

Krisesentertilbodet i kommunen

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært tilhøve til.

Informasjon på andre språk finn du her: Languages - Dinutvei.no

Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter for Bergen og omegn.

Trykk her for informasjon om krisesenteret (lenke til Bergen kommune)

Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
  • Beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing

Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
  • Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakte senteret

Kontaktinformasjon til kommunens krisesenter:

Krisesenter for Bergen og omegn
Døgnåpent telefonnummer: 55 31 50 50
E-postadresse: krisesenteret@bergen.kommune.no
Nettside: Krisesenter for Bergen og omegn

Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt

Dette tilbodet omfattar:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsette for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus, for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Klikk her for å lesa meir (nettsida til Bergen kommune)

Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande
  • Dette er eit døgnopent tilbod til born og unge, kvinner og menn som har vore utsette for seksuelle overgrep.
  • Pårørande til seksuelt misbrukte kan også nytta dette tilbodet.

Klikk her for å lesa meir, på nettsida til Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Kompetansesenter mot seksuelle overgrep
  • Dette er eit tilbod til ungdom, kvinner og menn som har opplevd seksuelle overgrep.
  • Tilbyr hjelp til sjølvhjelp, råd og rettleiing
  • Du treng ikkje tilvising frå lege eller andre
  • Har tilbod til pårørande

Klikk her for å lesa meir om Kompetansesenter mot seksuelle overgrep (Bergen kommune sin nettstad)

Rettleiar til fornærma i straffesaker

Nettsida Overgrep.no er ei ressursside med spørsmål og svar om seksuelle overgrep. Overgrep.no har fått laga ein rettleiar til fornærma i straffesaker.

Trykk her for å lesa rettleiar til fornærma, på nettsida overgrep.no

Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller overgrep? - Konsultasjonsteamet om vald og overgrep

Konsultasjonsteamet om vald og overgrep

Konsultasjonsteamet er ei tverretatleg og tverrfagleg samansett gruppe som gjev råd, rettleiing og konsultasjon til offentleg tilsette og privatpersonar som har bekymring for vald og overgrep mot barn og unge.

I teamet får ein hjelp til å fortolka åtferd og utsegn hjå barn som vekker bekymring, råd og rettleiing om korleis de skal få avklart situasjonen, og kva de skal gjera vidare. Teamet er felles for kommunane Alver, Austrheim og Fedje, og består av representantar frå helsestasjonen, skulehelsetenesta, PPT, barnevernstenesta, BUP, og politi.

Teamet kan og gje råd om korleis ein kan gjennomføre ein samtale med eit barn, og kan ved behov hjelpa til med å formulera ei bekymringsmelding til barnevernet. Teamet skal støtta den som kjem med bekymringa, og skal ikkje ta over saka.
Alle saker til teamet skal vera anonyme når du presenterer saka. Legg att namn og nummer ved e-postkontakt, og så vil koordinator for teamet ringa deg opp att. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post.

MERK: Har du ei akutt bekymring - ta kontakt med barnevernstenesta, som er felles for kommunane Alver, Austrheim og Fedje

Kven kan ta kontakt med teamet?

Personar som gjennom sitt arbeid eller på anna måte har ei bekymring for at eit barn kanskje vert utsett for seksuelle overgrep eller vald. Kontakt konsultasjonsteamet på førehand for å få tildelt møtetid.

Kontakt oss

Ring koordinator Anne-Lise Albertsen på tlf 56 37 50 82, eller eitt av dei andre teammedlemmane: 

  • Anne-Lise Albertsen (koordinator for konsultasjonsteamet/ samarbeids- og nettverkskontakt i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 55 30 (direkte)/ 56 37 50 82 (telefonsentralen)
  • Jimmy Amundsen (sakshandsamar i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 54 84 (direkte)/ 56 37 50 82 (telefonsentralen)
  • Siv Tveit Mjelstad (helsesjukepleiar)
    Tlf: 46 28 06 63
  • Jannicke Helland (fagansvarleg helsesjukepleiar)
    Tlf: 40 90 76 41
  • Ranveig Olsen (psykolog i BUP Nordhordland)
    Tlf: 56 34 33 00 (sentral)
  • Ole Kristoffer Tveiten (politikontakt v/ Nordhordland lensmannskontor)
    Tlf: 56 35 56 70
  • Geirunn Valdersnes: (PPT Fensfjorden)
    Tlf: 56 16 20 00 / 96 62 56 65 

Du kan og sende e-post til: konsultasjonsteamet@alver.kommune.no

Møtedatoar i teamet, 2. halvår 2023: 

  • Torsdag 7. september, klokka 12-15
  • Torsdag 5. oktober, klokka 9-12
  • Torsdag 2. november, klokka 9-12
  • Tysdag 5. desember, klokka 12-15

Konsultasjonsteamet samarbeider med Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Trykk her for meir informasjon om RVTS Vest

Alarmtelefonen for barn og unge

Alarmtelefonen er ei gratis teneste for barn og unge som er utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. Tilbodet er døgnope, og ein kan ta kontakt på telefon og chat, i tillegg til sms og e-post. Vaksne som er bekymra for barn og unge kan og ta kontakt.

Trykk her for å komma til alarmtelefonen for barn og unge, telefon og chat

Din vei ut

Nettsida www.Dinveiut.no er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar. Ein kan og stilla spørsmål om alt ein lurer på om desse tema.

Klikk her for å komma til www.dinveiut.no


Sist oppdatert: 18.09.2023
Publisert: 31.10.2022