Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen trass sjukdom og funksjonsevne. Etter at vi starta med velferdssteknologi, har tryggleiksalarm blitt ein del av dette tilbodet.

Tilbodet om velferdsteknologi gjeld frå våren 2019

Teknologien varslar når det skjer ei uønska hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlaste pårørande.

Austrheim kommune deltek i Vestlandsprosjektet - eit arbeid for innføring av Velferdsteknologi.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

  • Skildring av behovet ditt og grunngjeving av kvifor du søkjer,sender du til Austrheim kommune som vedlegg. 
  • Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, eller til Forvaltningskontoret på kommunehuset.

Du kan òg senda den til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Prisar finn du her

Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp. Kostnaden over gjeld deg som får velferdsteknologi i tillegg til anna helsehjelp.

Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.

Kva får du?

  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell

Krav til søkjar

  • du må bu i Austrheim kommune
  • du treng hjelp for å kjenne deg trygg heime
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp på grunn av fallfare
  • du kan ha behov for å tilkalle hjelp i naudssituasjonar
  • du må ha tilgang til mobilt nett eller fiber

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Jannicke Kalland Njøten

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post. Desse kan du sende til Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

 


Sist oppdatert: 15.03.2022
Publisert: 08.11.2018