Omsorgsbustader

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa funksjonshemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. 

Lever søknaden og vedlegga på Servicekontret på kommunehuset, eller på kontoret på Nordliheimen.

Du kan òg senda den til:

Austrheim kommune
Pleie og omsorg
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Prisen er avhengig av kva leigeavtale du får.

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kontakt

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med avdelinga.

E-post: post@austrheim.kommune.no

  • Kontor heimesjukepleien tlf. 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar, Hege Bergsvik Sætre tlf. 56 16 21 24/mob. 400 37 532 
  • Kontor Pleie og omsorg tlf. 56 16 20 43

 

Korleis kan eg klage?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage. 

 

 


Sist oppdatert: 04.12.2018
Publisert: 08.11.2018