Nordliheimen sjukeheim
Nordliheimen sjukeheim
Kontakt
Austrheimsvegen 1019
5943 Austrheim
Telefon: 56162040
Einingsleiar Nordliheimen: Anne Berge Brattetaule
Avdelingssjukepleiar: Åse Tresvik Låstad
Konsulent pleie og omsorg: Jannicke Kalland Njøten
Litt om Nordliheimen
Nordliheimen har 28 plassar (langtid og korttid) der 9 av plassane er på skjerma avdeling. I tilknytning til avdelinga har vi sansehage med lysthus.
Me har eige kjøkken, og vaskeri for bebuartøy.
Sjukeheimsplass er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. Du kan få tilbod om korttidsopphald eller langtidsopphald.
Det kan og vere eit tilbod om avlastning.
Besøkstider
Det er ikkje spesielle besøkstider ved Nordliheimen.
Korttidsopphald i sjukeheim
Søkje sjukeheimsplass
Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vere å kartleggje helsetilstanden og ernæringsstatusen din eller vurdere kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset eller Nordliheimen, eller send dei til:
Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva kostar det?
Eit korttidsopphald kostar 175 kroner per døgn.
Kva får du?
- du får tilbod om det opphaldet vi vurderer er best for deg
- du får hjelp av autorisert helsepersonell
- du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
- du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
- du får tilsyn av sjukeheimslege
- du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
- du får fysioterapi ved behov
- du får gratis medisinar
- du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk
Krav til søkjar
- du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
- du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
- du treng hjelp til opptrening
- du treng sosial stimulering
- du treng hjelp til ernæring
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.
- Ring oss på 56 16 20 40
- Send ein e-post til ase.lastad@austrheim.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Langtidsopphald i sjukeheim
Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet.
Kommunestyret har vedteke ei eiga forskrift for tildeling av langtidsplass på Nordliheimen: Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim i Austrheim kommune - kriterier og ventelister, klikk på denne lenka for å lesa forskrifta. (Vedteken i kommunestyret 22.06.2023 - gjeldande frå 1. juli 2023)
For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset eller Forvaltningskontoret på kommunehuset, eller send dei til:
Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva kostar det?
Prisen er forskjellig frå brukar til brukar, og blir fastsett etter kva økonomi du har.
Kva får du?
- Du får tilbod om den plassen som passar best for deg
- Du får hjelp av helsepersonell
- Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
- Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
- Du får tilsyn av sjukeheimslege
- Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen
- Fri medisin
- Fri tannbehandling ved offentleg klinikk
Krav til søkjar
- Du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
- Du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald i sjukeheim
- Andre tenester må vere vurdert eller prøvd
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.
- Ring oss på 56 16 20 40
- Send ein e-post til ase.lastad@austrheim.kommune.no
- Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Klage på vedtak
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.