HjemHelse, sosial og omsorgPleie og omsorgNedsett funksjonsevneTransportordninga for funksjonshemma (TT-kort)

Transportordninga for funksjonshemma (TT-kort)

TT-kort, eller transportordninga for funksjonshemma, er eit ikkje lovfesta tilbod til innbyggjarar i Vestland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. Ordninga skal ikkje erstatte eit mangelfullt rutetilbod.

Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet, kan du søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga.

Det er Vestland Fylkeskommune som handsamar søknader for sine innbyggjarar. 

 

Søknadsskjema og meir informasjo om ordninga finn du her.

 

Søknaden skal innehalde eigenerklæring og legeerklæring som ikkje må vere eldre enn 6 månader. Søknadar som manglar eigenerklæring eller legeerklæring vert ikkje handsama. Det er ditt ansvar som søkjar at søknaden blir tilstrekkeleg dokumentert.

Send utfylt søknadsskjema saman med legeerklæring til:

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivstransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Innan 14 dagar etter at du har fått vedtak vil du få tilsendt eit personleg TT-kort med magnetstripe.

 

 


Sist oppdatert: 06.10.2021
Publisert: 23.11.2018