Fritidskontakt

Treng du fritidskontakt?

Fritidskontakt er eit tilbod til personar i alle aldersgrupper som har behov for sosialt samvær, eller som treng støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Slik søkjer du:

Du må sende søknad til kommunen, som vurderer om du oppfyller kriteria. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Forvaltningskontoret er kommunens koordinerande eining for desse tenestene.

    • Besøksadresse:
      Forvaltningskontoret Austrheim kommune
      Sætremarka 2
      5943 Austrheim
      Telefon: 56 16 20 00
      Kontordagar måndag, onsdag og fredag.

    • Søknaden sender du til:

      Austrheim kommune
      Forvaltningskontoret
      Sætremarka 2
      5943 Austrheim

    • Eller som e-post til Austrheim kommune:

post@austrheim.kommune.no
    Opplysningar om helsetilstanden din skal ikkje sendast på e-post. 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for fritidskontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ynskjer å treffe deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Skildring av tenesta

Ein fritidskontakt skal bidra til at den enkelte får moglegheit til å leva og bu sjølvstendig og tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Dersom du ynskjer det, kan fritidskontakten:

  • Komme heim til deg
  • Bli med på kino eller andre kulturelle aktivitetar
  • Bli med på trening eller andre sosiale aktivitetar med meir

Kriteria for tildeling

  • Kan tildelast born, unge og vaksne med samansette behov, der søkjar har behov for personbistand for å kunne delta på kultur – og fritidsaktivitetar, nettverksbygging, opplevingar og eigenaktivitet.
  • Fritidskontakt vert innvilga etter ei individuell vurdering, i samråd med søkjar. Omfang og varigheit av tenesta som skal gis vert fastsett av forvaltningskontoret.
  • Fritidskontakt til born under 10 år vert gitt ved særskilte behov.
  • Fritidskontakt til bebuar ved langtidsopphald i institusjon og omsorgsbustad vert kun gitt ved særskilte behov. Då det er teneste, nettverk eller frivillige som i utgangspunktet tek vare på bebuar sine behov for aktivitet og sosialisering.

Eigenbetaling

  • Det er ingen eigenbetaling på fritidskontakt.
  • Tenesta dekker ikkje utgifter til aktiviteter i samvær med fritidskontakt.
  • Har du følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.

Kontakt oss

Vi har ope måndag - onsdag - fredag mellom klokka 08.00 og 15.00.

  • Forvaltningskontoret v/ Tove Kristin Sleire Tistel, tlf. 56162142, eller sentralbord 56162000

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtaket

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får. 

Vil du bli fritidskontakt? 

Som fritidskontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Det er eit behov for fleire fritidskontaktar. Nokon klarer ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng fritidskontakt er ulike, og difor treng me ulike fritidskontaktar!

Kven kan bli fritidskontakt?

  • Du bør vere over 18 år
  • Du må kunne leggje fram politiattest
  • Du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • Du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
  • For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du kan engasjere deg for minst eit år.

Slik søkjer du om å bli fritidskontakt

I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du. Kva brukarar og aldersgruppe du vil jobbe med. Døme på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, born og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar, kognitiv svikt eller menneske frå andre kulturar.

Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret eller send til (kan og sendast elektronisk til post@austrheim.kommune.no):

  • Austrheim kommune
    Forvaltningskontoret
    Sætremarka 2
    5943 Austrheim

Kva skjer når du har søkt?

  • Vi tar kontakt med deg for ein samtale om deg og gir deg meir informasjon om fritidskontakt-rolla.
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye fritidskontaktar.
  • Alle som vert fritidskontakt får eigne oppdragsavtaler knytt til den aktuelle mottakar av tenesta. Ein leverer timeliste til kommunen kvar månad.

Kontakt oss

Vi har ope måndag - onsdag - fredag mellom klokka 08.00 og 15.00. Ta gjerne kontakt for spørsmål.

  • Forvaltningskontoret v/ Tove Kristin S. Tistel, tlf. 56162142

Sist oppdatert: 21.07.2023
Publisert: 23.11.2018