Hjelpemiddel

Om du har behov for hjelpemiddel, er det fleire ulike søkjeprosessar.

Slik søkjer du

Langvarig eller varig hjelpemiddel

Treng du varig hjelpemiddel eller hjelpemiddel over lang tid (2 år eller meir), må du sende eit tilvisingsskjema til ergoterapeut.

Skjemaet finn du her (pdf). 

Send søknaden til:

Austrheim kommune
v/Ergoterapi
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Ergoterapeut/fysioterapeut sender søknad til Hjelpemiddelsentralen, som svarer direkte til deg. 

Kortvarige hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel for ein kort periode (inntil to år) er det mogeleg å låne hjelpemiddel. Austrheim kommune har eit lite lager med praktiske hjelpemiddel tilgjengeleg.

Typiske hjelpemiddel du kan få låne i ein kort periode er rullator, dusjstol/krakk, bekken, toalettstol, manuell rullestol med meir.

Dersom du treng syns- eller høyrselshjelpemiddel må du ta kontakt med lege som kan tilvise vidare.

Kva kostar det?

Det er gratis når du får innvilga hjelpemiddel.

Det kan vere eigenbetaling på nokre heilt spesielle hjelpemiddel frå Hjelpemiddelsentralen. 

Kontakt

Har du spørsmål om langvarig utlån av hjelpemiddel eller tilpassing av bustad kan du kontakte ergoterapeut Hrafnhildur J.H. Øksnes (Hrabba) på epost: hrabba@austrheim.kommune.no

  • Kontor heimesjukepleia - tlf. 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen - tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar Hege Bergsvik Sætre - tlf. 56 16 21 24/mob.400 37 532
  • Pleie og omsorg - kontor -  tlf. 56 16 20 43

Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 08.11.2018