Heimesjukepleie

Heimesjukepleia gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke og personar med funksjonstap som bur heime.

Vakttelefon - til deg som har tenester frå oss
  • Kontor heimesjukepleiea - 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen tlf. 56 16 20 40 (15.30- 21.00)

Leiar for heimesjukepleia

Hege Bergsvik Sætre

  • Mobil: 400 37 532 / 56 16 21 24

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Du må senda ei skildring av behovet ditt og grunngjeving av kvifor du søkjer til  Austrheim kommune som vedlegg. 

Lever vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, eller på kontoret på Nordliheimen.

Du kan òg senda det til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til:

  • Hjelp til personleg hygiene
  • Medikamenthandtering
  • Dagleg stell
  • Medisinsk hjelp etter behov
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og rettleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir.
  • Kreftomsorg - Vår informasjonsbrosjyre finn du her
  • Kvardagsrehabilitering

Krav til søkjar

Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.

Kontakt

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med avdelinga.

E-post: post@austrheim.kommune.no

  • Kontor heimesjukepleia: tlf. 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar Hege Bergsvik Sætre, tlf. 56162124/mob. 400 37 532
  • Kontor Pleie og omsorg: 56 16 20 43

Les meir


Sist oppdatert: 04.09.2019
Publisert: 09.11.2018