Dagtilbod

Dagsenter er eit tilbod til eldre som bur heime. Her får du tilbod om sosiale aktivitetar og gode næringsrike måltid. Ønskjer du eit dagopphald, må du sende søknad til Austrheim kommune.

Kva får du?

  • Du kan få plass ein til fem dagar i veka. Kor mange dagar du får tilbod om heng saman med kva du ønskjer og kva vi har kapasitet til.
  • Du får tilbod om lunsj
  • Du får aktivitets- og kulturtilbod
  • Du kan få tilbod om skyss

Krav til søkjar

  • Du bur heime
  • Du har vanskar med å kome deg ut av huset på eiga hand
  • Du ønskjer å møte andre

Kvar er vi?

  • Aktivitetsstova på Nordliheimen
  • "Blåhuset" like ved Nordliheimen

Opningstider

Frå kl. 09.30 til 14.30
(Tilbodet er stengt på sommaren, frå slutten av juni til tidleg i august. Sjekk informasjon andre stader på nettsida).

Slik søkjer du

Du må senda ei skildring av behovet ditt og grunngjeving kvifor du søkjer som vedlegg til Austrheim kommune. 

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Lever søknad og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, eller til Forvaltningskontoret på kommunehuset.

Du kan òg senda dei til:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkje deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du her

Krav til søkjar

Du treng hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.

Kontakt

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med kommunen
E-post:
post@austrheim.kommune.no
  • Kontor heimesjukepleien - 56 16 21 23 (08.30-15.00)
  • Nordliheimen - tlf. 56 16 20 40 (15.30 til 21.00)
  • Leiar Hege Bergsvik Sætre - tlf. Mobil: 56 16 21 24 / mob. 400 37 532
  • Kontor, Pleie og omsorg, Jannicke Kalland Njøten - tlf. 56 16 20 43

Les meir


Sist oppdatert: 16.06.2022
Publisert: 08.11.2018