Startlån

Det er Husbanken som finansierer ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Kontakt

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan få startlån til:

  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Fullfinansiering eller finansiering saman med eigenkapital.
  • I mindre grad toppfinansiering der vanleg banklån utgjer hovuddelen.

Her finn du Austrheim kommune sine "Retningslinjer for handsaming av startlån", vedteke av Austrheim kommunestyre 16. februar 2023 (klikk på lenka for å gå til PDF)

Kor mykje kan eg låne?

Dette må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.

Krav til søkjar

Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn i husstanden, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar tilseier at de i løpet av kort tid må ha ein trygg, god og stabil busituasjon.
  • Når du har problem med å dekke buugifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feile opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har tatt imot vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Trykk her for å søka om startlån (side hjå Husbanken).


Sist oppdatert: 06.03.2023
Publisert: 20.11.2018