Kommunal bustad

Austrheim kommune har ikkje ledig kommunal bustad til ei kvar tid, men vi registrerer og handsamar alle innkomne søknadar.

Slik søkjer du:

Før du opnar skjemaet må du har klar dokumentasjon som viser kva inntekt du har, og husleigekontrakt for noverande bustad.

Er du skilt eller separert, må du legge ved kopi av skifteavtale.

Er du utanlandsk statsborgar, må du legge ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Søknadsskjema for kommunal bustad

Søknad kan også sendast som brev til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma, eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode. 

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år
  • Vere utan bustad
  • Registrert i folkeregisterert som busett i kommunen og ha opphalde deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsaker ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.
Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar. 

Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket. Klagen må vere skriftleg. 

Har du ein bustad kommunen kan leige?

Austrheim kommune sine kommunale bustader er eigd gjennom det heileigde selskapet Austrheim kommunale eigedomsselskap (AKE). Når kommunen har behov for å skaffa kommunal bustad, er det AKE me tek kontakt med.

Har du eit hus eller ei leilegheit som du kan tenkja deg å leiga ut til kommunen, må ta kontakt med AKE. Dagleg leiar i AKE er Eivind Tveiten, han har e-post et@approve.no. Dersom du skal melda inn ein bustad som aktuell for utleige, er det bra å ha klart planteikningar for bygget, nokre bilde som viser rom/bustad, og oversikt over kva bygget er godkjent for. Om AKE vurderer bustaden som aktuell for leige, vil dei ta nærare kontakt.

 

Ønskjer du informasjon om startlån?

Les meir på denne lenka:


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 08.01.2021