Tannlege

Kven kan få offentleg tannbehandling

Den offentlege tannhelsetenesta har ansvar for barn og unge t.o.m. året dei fyller 20 år. I tillegg behandlar vi psykisk utviklingshemma og pasientar i institusjon og heimesjukepleie.

  • Born og ungdom frå 0-18 år (Dette gjeld t.o.m. ut kalenderåret dei fyller 18 år.)
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon. 
  • Personar i institusjon og heimesjukepleie. Dette under føresetnad av at ein har budd i institusjon i 3 månadar eller meir, eller har motteke heimesjukepleie minimum 1 gong per veke i 3 månadar eller meir. Merk at lova gjeld både for psykiatriske og somatisk sjuke pasientar.
  • Ungdom som fyller 19 og 20 år i behandlingsåret betalar 25 % av takstar fastsett av departementet. Merk, dette gjeld tom. ut kalenderåret dei fyller 20 år. Fom. det året dei fyller 21 år må dei betale takstar som vaksne betalande pasientar, fastsett av Tannhelsetenesta i Hordaland.

 

Kontakt

Lindås tannklinikk
Kolåsvegen 5,
5955 Lindås

Tlf. 56303350

Les meir

Hordaland fylkeskommune sine heimesider

 

Privat tannlegetilbod

Tannlege Otto Førde
Adresse: Litlås 2, 5954 Mongstad
tlf. 56 16 98 35


Sist oppdatert: 04.12.2018
Publisert: 27.06.2018